Dristig satsing

Snart får Geiranger ein ny møteplass. I Villa de Sving blir det kombinert kafé og klesbutikk om nokre veker.

21. oktober 2010
Britt Ingunn Maurstad

Vivian Fjelstad Nydal og Camilla Rønneberg kan snart ønskje velkomen til kafè og klesbutikk.

Dei er ikkje uredde, dei unge jentene Vivian Fjeldstad Nydal og Camilla Rønneberg, når dei no set i gang med kafédrift på heilårsbasis i Geiranger. At det å opne no på seinhausten er den desidert vanskelegaste tida å gjere slikt på, er dei fullstendig klar over, men dei tek sjansen. Dessutan har dei ein tanke med det også.
– Vi ønskjer at bygdefolket skal forstå at vi er til for dei like mykje som for tilreisande.
Dei seier planane deira har vorte godt mottekne i bygda. På eit bygdemøte nyleg vart ein slik uformell møteplass som ein heilårsopen kafe, etterlyst. Jentene vonar at kafeen kan bli ein plass der bygdefolket trivst, der dei kan møtest berre for å slå av ein prat. Om lag og organisasjonar eller andre ønskjer å halde møte der, er dei hjarteleg velkomne til det òg.

Artig namn
Jentene tek sikte på å opne i midten av november. Namnet på den kombinerte klesbutikken og kafen blir Villa de Sving.
– Artig namn, kor kjem det frå?
– Huset har alltid vore kalla det. Det var ein “fin herre” frå Ålesund som bygde huset i 1928 og nytta det som fritidsbustad. Han gav huset dette namnet, og vi synest det kling godt, i tillegg til at det høyrer huset til. Derfor har vi halde på det, seier jentene bak prosjektet.

Ope heile vinteren
No i vinter satsar dei på å ha ope i helgane i tillegg til ein dag i veka, mest truleg onsdagane. Det er Camilla Rønneberg som er den som kjem til å arbeide der mest. Vivian Fjeldstad Nydal har full jobb på Hotel Union ved sida av, medan Rønneberg berre arbeider eit par dagar i veka.
– Eg er heldig som har høve til å gjere det slik, seier ho.
Korleis dei skal organisere drifta til sommaren, veit dei ikkje enno.
– Kan hende vi må tilsetje sommarhjelper, men det får vi sjå på når det nærmar seg, seier dei.

Har vore ein draum
Tanken på å starte noko slikt saman har dei leika med i fleire år.
– Mogleg eg drøymde litt for høglydt for ei tid tilbake, for plutselig fekk vi tilbod om å leige huset her. Då var det berre å kaste seg ut i det, seier Rønneberg.
Dei har gjort avtale med to norske klesmerke, så det vert høve til å kjøpe seg både klede og ein kopp kaffi og noko “å bite ti” på kafeen.
– Dei to vi kjøper kleda frå, synest konseptet vårt er svært spennande. Og så vil vi gjerne vise turistane til sommaren at det finst fine norske klede å få kjøpt, ikkje berre lusekofter, seier dei.
Ettersom det ikkje er plass til noko stort kjøkken, blir det kaker og anna godteri kafeen kan tilby. Søknad om skjenkeløyve er sendt Stranda kommune, og dei er spente på handsaminga av søknaden på neste kommunestyremøte.
– Det hadde vore kjekt å kunne servere slikt som eit glas vin òg, seier dei.

Takkar for god hjelp
Jentene nyttar også høvet til å takke Stranda kommune for god hjelp. Dei har hatt nær kontakt med næringssjefen Inge Bjørdal som har hjelpt dei med alt frå teikningar til slikt som søknader.
– Han har hatt god tru på oss heile tida. Det var faktisk han som tok kontakt med oss, etter at han hadde fått nyss om at det skjedde ting her inne, seier Rønneberg.
Støtte frå næringsfondet i Stranda kommune har dei òg fått, ei god hjelp no i byrjinga, for det er mykje som skal på plass. I løpet av veka får dei besøk av handverkarar som skal hjelpe dei med å setje inn bar, elles gjer dei så mykje dei kan av oppussinga sjølve. Møblane har dei arva frå folk dei kjenner, kvar stol og sofa har ei historie. Det synest dei er kjekt og er med til å gi kafeen særpreg, i tillegg til at dei slepp å bruke pengar på å kjøpe nytt. Dei oppmodar gjerne folk som har rare lamper, møblar eller anna om å ta kontakt med dei.
– Det kan godt hende vi kan bruke noko av det, så det er berre å ta kontakt, avsluttar dei før dei går attende til oppussingsarbeidet.