Forut-basar i barnehagen

Stolte barn og tilsette i Eidsdal barnehage inviterte til Forut-basar tysdag.

30. oktober 2010
Britt Ingunn Maurstad

Kjøpelysta var stor blant foreldre og besteforeldre.

Forut-prosjektet er noko dei har arbeidd med i barnehagen sidan byrjinga av september. Gjennom leik, song og musikk har dei vorte kjente med India og spesielt Indrani, ei fem år gamal jente som bur i slummen i Bangalore, sør i India.
Overskotet frå basaren skal mellom anna gå til drift av barnehagen som Indrani går i, og ei rekkje andre prosjekt blant fattige barn i India og familiane deira.
Foreldre, besteforeldre og syskjen møtte mannsterke opp for å sjå kva ungane har drive med den siste tida. Ungane var utstyrte med sjølvlaga kuhalar. På spørsmål om kvifor, kunne Inga Lill Nydal fortelje at det er fordi kyrne er heilage dyr i India, og no var liksom dei i barnehagen heilage kyr.

Mykje fint var å få kjøpt på basaren. I tillegg var det rikeleg høve til å kjøpe lodd og vinne fine premiar. Kafé med kaker, sveler, kaffi og saft var der òg og ungane sjølve hadde oppgåva med å ta betaling for kafésalet. Dei hadde god kontroll på både prisar og vekslepengar. På basaren og loddsalet, var det litt vanskelegare prisar, så her fekk dei god hjelp av dei vaksne.

Etter matøkta var det tid for underhaldning med både songar om India og andre songar. Dei vaksne vart òg utfordra til å vere rytmegruppe, til stor glede for ungane.
Anna Marie Sunde kan fortelje at dei fekk inn 3537 kroner som går til Forut-prosjektet i India.