Mann sikta for tjuveri

Ein mann er pågripen og sikta for tjuveria mellom anna på Vidhammer.

30. oktober 2010
Britt Ingunn Maurstad

Vidhammer.

I førre veke vart ein mann i 30-åra pågripen og sikta for ei rekkje tjuveri, mellom anna på Vidhammer. John T. Bratland ved Ørskog lensmannskontor seier til Storfjordnytt det har vore ein god del tjuveri frå naust og andre bygningar i tilknyting til sjøen. Veldig mange av desse tjuveria har blitt knytte opp mot ransakinga politiet gjorde i Ramstaddalen i Sykkylven. Politiet er rimeleg sikre på at den sikta ikkje har vore åleine om tjuveria, men så langt har ikkje politiet gått til fleire pågripingar.
– Vi har hatt enkelte personar i kikerten, men har førebels ikkje nok til å pågripe dei, seier Bratland.
Merk tinga dine
Lageret til den sikta var fullt av utstyr, ting og tang, og det dreier seg om ting for ganske store summar. Mykje av tjuvgodset har allereie blitt henta av dei rette eigarane. Likevel, det er mykje att, men ein god del av tinga er vanskelige å identifisere.
– Det har vore mange innom som har meint at ein ting har vore deira, men så har dei ikkje vore heilt sikre. Mange ting blir serieproduserte og ser like ut
og er vanskelege å spore tilbake.
Bratland nyttar derfor høvet til å minne folk på at verda har forandra seg, også her i vårt distrikt. Det kan vere ein god idé å merke tinga sine, for det ikkje lenger nokon sjølvfølgje at folk får ha tinga sine i fred.
– Det er slett ikkje alle som kjem innom bygdene våre som har gode hensikter, seier han.

Uviss lagnad for tinga
På spørsmål om kva som skjer med dei tinga som ikkje vert gjort krav på av rette eigarar, svarer Bratland at tinga anten vil bli leverte attende til den sikta, bli destruerte eller rett og slett selde på auksjon.
– Kva som etter kvart blir gjort med tinga, er det politijuristen som har saka som vil ta stilling til.
Det er framleis høve til å ta kontakt med Ørskog lensmannskontor dersom nokon av lesarane saknar utstyr, spesielt frå nausta sine.