| På Valldal skule driv dei framleis med byggjearbeid og plassen framfor skulen er ikkje heilt ferdig. Eg parkerer på baksida og går etter lyden for å snakke med rockarane på samfunnshusloftet.
Unge talent og klassikarar
El-gitarar, trommesett, bass og keyboard blir det rock av og på tavla står akkordane til ”Smoke On The Water”. Etter kvart kjem òg akkordane til ”Knocking on Heavens Door”. Då har borna noko å halde på med fram til matpausa. Og dei likar det. Anders Jørgen Gjerde og Håkon Myklebust har eit godt grep på tonane og elevane, så det går ikkje så lang tid før alt tek form. Dei er mange, om lag ti elevar som skal lage lyd samtidig og i all lyden kan eg høyre draumen om å kanskje ein gong å bli popstjerne.
Mat og drikke
På matgruppa har dei kutta og laga mykje salat. Den skal dei bruke på fiskeburgeren, som er ei fiskekake i grovt burgerbrød. Vaflar har dei òg steikt. Seinare på dagen skal dei lage sjokoladekake på engelsk.
Medan dei på matgruppa førebur lunsj, er dansaren i full gang med å lære steg og triks av kyndige streetdance-instruktørar. Marvin Melås er NM-vinnar i break i 2009 og Marikken Heitkøtter Bratlie har vore med på å vinne Norske Talenter same året. Det er ikkje så lett å få det til, rett vanskeleg i følgje ein sviett lærar, men humøret og lysta er til stades og moro har dei det.
Inne og ute
På formingssalen luktar det svidd. Dei smeltar tinn og støyper tinnsoldatar. Seinare skal dei file dei og måle dei.
Det er det som er det vanskelege, seier Sondre Tjærvåg Dalebø.
Han har akkurat laga ein soldat og skal lage ein til før det vert mat. Måling og filing vert det etter lunsj. I tillegg til å støype tinnsoldatane er det mange som målar på lerret, nokon driver med nålfilting og nokre makramé. Dei rekk mykje i løpet av ein dag på formingssalen.
Alt dette skjer inne på skulen utan sko. Ei gruppa er tatt på seg varme klede og er er ute i naturen på Ødegård ved leirduebana. Der er dei for å få lærdom og kunnskap om hundehald, og den får dei av Britt Melchior og Nina Sjøblom. Edvard Birkeland har valt hundegruppa fordi han ville vere ute og Karl Oskar Indreeide kan fortelje at dei hadde ein hund som no er daud. Den lydde namnet Frøya og den var han glad i.
Kanskje får vi oss ein ny hund ein dag, seier han.
Så kjem maten seglande og dei et fiskeburger under tak med salat og dressing. Etter maten skal tre elevar gøyme seg og eg reknar med at hundane fann dei.
|
|
|