Eitt av arbeidsområda til UNESCO er å arbeide for at barn og unge skal få auka kunnskap om verdsarvområda og utfordringane deira. UNESCO har derfor eit eige program for å ”utdanne” ungdommen i kva verdsarv er. Eit ledd i dette, er å lage ”storyboards” eller teikneserier som det vert laga animasjonsfilmar av. I år har Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv hengt seg på og dei vil svært gjerne ha bidrag frå alle i alderen 1218 år.
Vi vil velje ut dei beste bidraga for premiering, men alle vert sende vidare til den nasjonale konkurransen som vel ut fire bidrag frå kvart tema som går vidare til den internasjonale konkurransen, seier Merete Løvoll Rønneberg.
Ikkje superflinke
Ho seier at det ikkje er noko ”must” at ein må vere superflink til å teikne for å sende inn bidrag. Det viktigaste er ideen og historia som blir presentert og at maskoten Patrimonito har ei sentral rolle.
Tanken er at ein skal ta utgangspunkt i ein verdsarvstad og finne ei utfordring som er relevant, anten eksisterande eller framtidig og presentere ei løysing på utfordringa, seier ho.
Fire omfattende tema
Det er fire tema i årets konkurranse. Verdsarven og lokalsamfunnet si rolle, verdsarv og berekraftig turisme, verdsarv og berekraftig utvikling og verdsarv og biologisk mangfald. Enkelte av disse omgrepa kan nok vere vanskelege for iallfall dei yngste.
Det er òg eit poeng med ein slik konkurranse: Å få dei til å forstå slike omgrep, seier ho.
For å lette litt på forståinga, har ho gjort seg nokre tankar om dei fire emna. Når det gjeld verdsarv og lokalsamfunnet, kan ein til dømes sjå på kva som skjer med kulturlandskapet viss geitene sluttar å beite eller korleis ein på andre måtar kan ta vare på landskapet slik vi kjenner det. Når det gjeld verdsarv og berekraftig turisme, kan det vere ein tanke å sjå på utfordringa med utslepp av eksos, utslepp i fjorden og slitasje på området vårt. Er det noko vi kan gjere med det, og i så fall kva. Verdsarv og berekraftig utvikling kan til dømes sjå på korleis verdsarven kan bidra til at bygdene våre framleis skal vere levedyktige. Verdsarv og biologisk mangfald er det emnet Merete synest er det mest spennande.
Her er det mykje å ta fatt i, altså.Tenk på alle artane som er avhengige av at marka blir beita på og slått. Det er faktisk ein god del kulturplantar som er avhengige av nettopp det. Eller plantene som lever i fossesprøytesonene. Kva med dei om det skulle bli opna for å legge fleire av fossane våre i rør, spør ho.
Dette er berre tankar eg har gjort meg, men som kan hende kan gjere det lettare for ungane å få tak i kva konkurransen dreier seg om.
Oppmoding om deltaking
Meir informasjon om storyboardkonkurransen og også om fotokonkurransen som har frist i midten av november, kan dei som interesserte finne på heimesidene til Verdsarvstiftinga.
Det er mange kreative sjeler der ute, og eg oppmodar dykk alle til å vere med, anten med teikneserie eller med foto.
Til slutt nyttar Merete Løvoll Rønneberg høvet til å oppmode lesarane til å stille på bygdemøte i Liabygda måndag kveld. Der skal Verdsarvstiftinga orientere om kva dei driv med, i tillegg til at stiftinga ønskjer ein dialog med lag og organisasjonar i bygda om korleis dei kan dra nytte av kvarandre.
|
|
|