Krøll med ferja etter kollisjon |
||||||||
![]() |
Måndag vart nok ein gong MF ”Geiranger” som som går mellom Eidsdal og Linge, teken ut av ordinær rute og sett inn i eit trekantsamband Eidsdal-Liabygda-Stranda. | |||||||
|
||||||||
Køane blei lange etter smellen ferjekaia på Gravaneset måndag. Foto: John Kristian Hjelle |
||||||||
| Årsaka er at MF ”Sykkylvsfjord” som trafikerer Liabygda-Stranda måndag morgon braste inn i ferjekaia i Liabygda. Fjord1 melder at det var 17 passasjerar om bord, og to av disse fekk kuttskadar ved samanstøyten. Ferja fekk skadar på fallemmen og gjekk for eiga maskin til Stranda for inspeksjon. MF ”Geiranger” gjekk i den alternative ruta frå tidleg føremiddag til tidleg kveld, først i 19.30-tida måndag kveld gjekk sambandet Eidsdal-Linge som normalt, for då var erstatningsferja sett inn mellom Liabygda og Stranda. Manglande informasjon Mange av dei som dagleg nyttar ferga til og frå arbeid, opplevde måndagen som svært spesiell, spesiell med tanke på informasjon eller rettare, mangel på informasjon frå Fjord1 si side. Nettsidene var ikkje oppdaterte, internkommunikasjon mellom driftsavdelinga i selskapet og ut til til dømes bussane fungerte heller ikkje. Oddvar Hojem i Fjord1 seier til Storfjordnytt at selskapet heilt klart har eit stort forbetringspotensial når det gjeld å få ut informasjon ved slike hendingar. Vi må sjå på kva vi kan gjere betre, ha backupsystem som fungerer sjølv om mange i driftsavdelinga er vekke frå arbeid. For slik som det var på måndag, slik kan vi ikkje ha det, seier han. Informasjonstavler I ei ideell verd ønskjer Hojem seg elektroniske informasjonstavler på kaiene. Teknisk skal ikkje det vere noko problem, men det er Statens vegvesen har ansvaret for kaiene, og vegvesenet er styrt av politikarane. For å få opp slike tavler, må det nok gjerast politiske vedtak om det, seier han. Hojem oppmodar alle brukarar til å melde seg på meldingstenesta til Fjord1, der du kan få melding om eventuelle hendingar og anna på ”di” ferjestrekning. Tenesta er gratis, og ein melder seg på via heimesida til Fjord1, avsluttar han. |
||||||||