Juniorlag på innandørs KM

Stordal stilte med lag under KM for junior (Gutar 19 år) i innandørs fotball (Futsal) i helga.

11. november 2010
John Kristian Hjelle

Jørgen Tøsse vart Stordal sin toppskorar med 4 mål under KM i Futsal for juniorlag i Ørskoghallen i helga. Her frå kampen mot Aafk sitt førstelag under dei innleiande kampane fredag kveld.

Stordal har ikkje med lag i serien i denne aldersgruppa, men under Thomas Kirkebøe si leiing sette dei saman eit lag med spelarar frå 14 til 19 år og stilte sporty opp i Ørskoghallen der tevlinga vart arrangert.
I dei innleiande kampane fredag kveld gjekk det svært bra. Dei slo først Ørskog/Skodje sitt andrelag 5-0 før også Spjelkavik vart slått 3-2. Etter dette var Stordal allereie kvalifisert til vidare spel søndag, og den siste kampen fredag mot AaFK sitt førstelag enda med 0-11 tap.
I mellomspelet søndag kom Stordal i pulje med AaFK sitt andrelag og Hødd sitt andrelag, og desse kampane enda med 0-1-tap mot AaFK og 3-2-siger over Hødd. Med desse resultata kom Stordal på andreplass i pulja, og vart kvalifisert til kvartfinale. Der møtte dei att AaFK sitt førstelag, og denne gongen ytte dei betre motstand mot ålesundarane, men ikkje nok til å gå vidare. Kampen enda til slutt 4-1 til AaFK, som i semifinalen slo Valder sitt førstelag før dei i sjølve finalen slo Ørsta sitt førstelag og vart krinsmeistrar.
Uansett var det imponerande innsats av stordalsgutane i ei tevling for juniorar – underteikna la merke til at laget fredag tidvis spelte med to 14-åringar, ein 15-åring og ein 16-åring på bana i tillegg til 17-årige Adrian Nakken i mål.