Snart sesongklart |
||||||||
![]() |
Det har vore stor aktivitet i Overøye- og Langsæterområdet i haust. I Arena Overøye er dei i full sving med å førebu ein ny sesong. I langrenns- og turløype-traseane i området rundt er det gjort ein god del utbetringar. | |||||||
|
||||||||
Ein liten pause i arbeidet må til. Frå venstre Magnus Selboskar, Rune Støversten, Brian Søe Jensen, Håvard Olsen, Stian Innselset og Runar Helland. |
||||||||
| Ein ny trasé langrennsløype er tillaga frå Overøye og til Puskebrua på Langsætrane. Den nye løypa er brei og fin, tilfredsstiller krava til universell utforming og høver godt for alle som har glede og nytte av å kome seg ut i naturen om vinteren. Ho gjer det også lettare å kome seg inn til Langsætrane og fleire oppkøyrde løyper i det området.
Stordal Fjellservice har i tillegg utbetra ein del i dei eksisterande løypetraseane slik at det er lettare å kome seg fram med den nye løypeleggingsmaskina, spesielt når det er lite snø. I alpinbakken er det lagt ut slangar og montert utstyr for snøproduksjon, noko dei no berre ventar på at tilhøva vert slik at dei kan starte opp med. Det er til no investert i to snøkanonar. Planen er å setje dei i gang i nedste del av bakken i første omgang, slik at ein kan starte med å opne den delen av bakken som vert dekt av familietrekket. Dei hadde eit håp om å kunne opne no rundt den 20. november, men det er veldig usikkert så lenge det ikkje er kaldt nok til at ein kan produsere kunstsnø. Dagleg leiar Rune Støversten ber folk om å følgje med på heimesida til Arena Overøye, der opningsdato vil verte annonsert. Etter planen skal heile anlegget for snøproduksjon stå ferdig i 2011/2012. |
||||||||