Faste opningstider etter jul

Arbeidet med å få til permanente lokale til Frivilligsentralen i tilknyting til ungdomsklubben i Stordal er godt i gang.

25. november 2010
Britt Ingunn Maurstad

Bjørg Jacobsen har travle dagar i Frivilligsentralen.

På ein av mine mange turar til Stordal stakk eg innom ungdomsklubben for å sjå korleis det går med arbeidet med å lage til eigna lokale for Frivilligsentralen i tilknyting til ungdomsklubben. Eg var heldig og fann dagleg leiar for Frivilligsentralen, Bjørg Jacobsen, i full sving med å skru bordbein.

Mykje dugnadsarbeid
Nøkkel inn til nylokala hadde ho ikkje og handverkaren var gått til lunsj, så eg fekk ikkje sjå kva arbeid som har vore gjort så langt, men Jacobsen seier det går framover. Når det blir ferdig, er ikkje så godt å seie. Arbeidet vert gjort litt på dugnadsbasis og litt med hjelp frå gutta i teknisk etat – rett og slett for spare mest mogleg pengar.

Hektisk haust
Det er ikkje lenge sidan Bjørg Jacobsen byrja i nyjobben som dagleg leiar i Frivilligsentralen og som folkehelsekoordinator. Ho fortel at hausten har vore særs hektisk. Ikkje berre har det vore mykje nytt å sette seg inn i, men det har òg vore mange aktivitetar. Nokre faste innslag i regi av Frivilligsentralen har allereie etablert seg, mellom anna herreklubben som møtest måndag og fredag og dameklubben kvar onsdag.
– Men akkurat no når det er som verst med byggjekaos, blir dessverre desse og andre faste aktivitetar råka. Faste opningstider for frivilligsentralen er òg vanskeleg akkurat no, seier ho.
Målet er at lokala skal vere sopass at det er mogleg å starte med faste opningstider etter jul, både ungdomsklubben og herreklubben har sagt seg viljuge til å delta på dugnad for å få det til, så Jacobsen er optimistisk.

Brosjyre og sitski-gruppe
Innimellom byggjearbeid og oppussing, er det mykje som skal gjerast. Jacobsen har mellom anna planar om å lage til ein brosjyre som skal ut til alle husstandane der det blir gjeve informasjon om kva Frivilligsentralen driv med.
– Eg trur det behov for noko slikt, for det er nok framleis ganske uklart for mange kva vi eigentlig driv med og kven vi er til for.
I tillegg er ho med på å arrangere aktivitetskveld for funksjonshemma, aktivitetskvelden blir onsdag 1. desember. Skigruppa har òg kontakta henne for å få hjelp til å søkje om midlar til å opprette ei sitski-gruppe som skal halde til på Arena Overøye.
– Som du skjønar, det er mykje å henge fingrane i her, seier ho før ho går attende til arbeidet med bordbeina.