Julemesse med husflid

Norddal husflidslag hadde fredag julemesse på Kraftsenteret i Valldal. Det same hadde dei i fjor som var første gongen dei samarbeidde med Frivilligsentralen.

25. november 2010
Alfred Nilsen

Fargar og tekstilar, gode idear til kortreiste julegåver skulle ein tru.

– Det var meir folk her i år enn i fjor, så dette samarbeidet vil vi halde fram med, seier leiar i Norddal husflidslag Karin Uri.
Og akkurat i det ho er ferdig med å seie det, er den siste pakken med lefser selt. Sånn er det alltid.

Ikkje lange vegen
Norddal husflidslag har sin eigen butikk like ved, men der er det ikkje så god plass og så har dei ikkje kafé der.
– Når det ikkje er lenger unna, kan vi alltids stikke og hente ting vi treng, seier Karin som sel hattar med eit smil.
Relling, Ødegård og Waldal var der med sine treprodukt og det er kjende fjes i messesamanheng. Huver i friske fargar, nissar, søte små babysko, sokkar og pulsvantar, dukar og mykje meir var å få kjøpt i kjellaren på Kraftsenteret.

– Kjekt
– Det er kjekt når folk kan setje seg ned og ta ein kopp kaffi, seier Bjørg Sætren Kleppe som er dagleg leiar på Kraftsenteret.
I tillegg til produsentane i husflidslaget hadde arbeidsgruppa på Kraftsenteret òg sal av ting dei hadde produsert.
– I fjor selde vi nesten ikkje noko, men i år omsette vi for over 2000 kroner legg ein nøgd leiar for frivilligsentralen til.