Mogleg sal av Norddal Elverk

Etter det Storfjordnytt kjenner til kan det bli aktuelt å selje Norddal Elverk.

27. november 2010
Sissel Tiril rem
Måndag skal formannskapet diskutere den framtidige eigarstrukturen for Norddal Elverk. Tysdag er kommunestyret innkalla til eit ekstraordinært møte med berre denne eine saka på sakskartet. Sakshandsaminga er ikkje offentleg.
Styreleiar i Norddal Elverk, Stein Kristian Valdal, vil verken stadfeste eller avkrefte ryktet om sal.
– Det er ikkje styret som avgjer framtida til selskapet. Eigarane får vurdere kva dei vil gjere, seier han og viser til at styret har tenkt ti år framover.
– Kven er kjøparen?
– Det har eg ingen kommentar til.
Han opplyser elles at styret har takka nei til å vere med
på å etablere eit fjernvarmeproduksjonsselskap saman med Valldal Grønt og Norddal kommune.