Nye klede av gamalt stoff

“Red Shoe” er varemerket til Gry Annette Bonsaksen og som ho fekk tilskot frå næringsfondet til i sommar.

27. november 2010
Britt Ingunn Maurstad

Kleda til designar Gry Annette Bonsaksen har fått eigen plass i butikken i Stordal, og det er spesielt kjoleforkleda som ho held fram her ho lagar mest av.

Om du er på jakt etter noko litt annleis til ungane dine, noko som ikkje “alle andre” har og som det garantert berre finnest eitt eksemplar av, kan det vere ein idé sjå på kleda som Gry Annette Bonsaksen lagar under sitt eige merke Red Shoe. Og kleda, ja dei er definitivt ikkje som “alle andre”. Kan hende er det bestemors gamle duk som har blitt kjole – eller kan hende ei gardin? Sjølvsagt kjøper ho inn stoff som ho syr av, men ho brukar like gjerne opp at ting. Det er ein god ting i desse resirkulerings- og miljøtider.
– Eg har funne mange skattar på loft og handlar òg mykje på stader som Fretex. Eg nyttar som sagt stoff i gamle klede, dukar og slikt. Kleda mine får eit heilt anna og personleg preg då, seier ho.

Utdanna innan design
Ho og mannen flytta attende til heimbygda Stordal for nokre år sidan etter å ha budd i Oslo i sju år. Medan dei budde der, tok ho utdanning ved Esmod, ein skule som mellom anna utdannar klesdesignarar. Det er der interessa hennar har lege heile tida, for sydd har ho bestandig gjort. Det var då dottera Alva vart fødd, at tanken på å starte eiga verksemd byrja å forme seg. Då ho i sommar fekk støtte frå det kommunale næringsfondet, hoppa ho i det og satsa.
– Det var godt å endeleg kunne bruke utdanninga mi til noko, seier ho og legg til at ho aldri hadde tatt sjansen på å starte for seg sjølv utan støtta frå kommunen og ikkje minst frå mannen sin.

I fleire butikkar
Kleda vert seld på butikken Bella Rosa i Stordal og i butikken Farmor Ingvarda på Ålesund Storsenter, ein butikk som har spesialisert seg på klede som er litt “annleis” enn andre. Nyleg kom ho i kontakt med ein butikk i Langevåg som også har fått levert klede for sal.
Ursula Vos??? som driv Bella Rosa, fortel at kleda til Gry er populære, og ho får mykje skryt for at ho har dei i butikken.

Sydama
– Det er berre klede til jenter her, du har ikkje tenkt å lage noko for gutar også?
– Eg har fått mange spørsmål om akkurat det, så eg har det i tankane. Men det er nok eit prosjekt som ligg litt fram i tid, seier ho.
Ho er ingen stor tilhengjar av å leggje for mange og store planar.
– Eg har alltid vore slik at eg gjer det som kjennest bra ut, og så får eg sjå korleis vegen vert til undervegs. Men det er ikkje noko anna eg heller vil enn å halde på med det eg no gjer, seier ho.
Gry har tidvis mykje å gjere, spesielt no før jul har ho det travelt med å ta unna for alt som er bestilt.
– Så folk kan kontakte deg og bestille klede også?
– Ja, det er mange av dei. Det er mange som har sett produkta mine her i butikken og som tek kontakt og vil ha sydd både store og små ting. På folkemunne på bygda vert ho kalla “sydame”, ein tittel ho ikkje har noko imot.
– Det er jo det eg er, seier ho og smiler.
Rik har ho likevel ikkje blitt, og ho ser heller ikkje for seg at ho vil tene seg rik på verksemda si.
– Berre det går rundt, så er det greitt – førebels iallfall. Og så har ein jo alltid høve til å sette bort produksjonen til andre, men då får ein ikkje lenger dei unike produkta. Men som sagt, eg legg ingen planar førebels, vi får sjå etter kvart, avsluttar ho.