| Før ord og kroner tok til å rulle over bordet, sa Linda Gjerde Myren (Nl) at ho håpte at alle gruppene kunne ta ein rask gjennomgang av framlegga sine for ikkje å løyve ut over alle støvleskaft. Det vart gjort.
Nei til framtida
Søknaden til prosjektet ”Sunnmøre i framtida” som Ålesund kunnskapspark står bak, vart utsett i førre formannskapsmøte fordi politikarane ville at saka skulle handsamast saman med resten av næringsfondsøknadene. Prosjektet har som føremål å gjere Sunnmøre til ein meir attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion, og midlane skal nyttast til eit delprosjekt om kommunikasjonsstrategi og omdømebygging for Sunnmøre.
Ordførar Bjørn Inge Ruset (Ap) sa at om ikkje administrasjonen hadde brukt opp potten i år, ville løyvinga på 20.000 kroner gått derifrå. Då ordføraren forstod at det ikkje var stemning for å støtte prosjektet, sa han at han meinte det var uheldig fordi dette er eit viktig samarbeidsforum.
Røystene til Senterpartiet og Norddalslista gjorde at søknaden vart avslegen.
Nei til omdisponering
Limousine West søkte om å få omdisponere tidlegare løyvde midlar på 12.500 kroner til oppstarten av eit reiseformidlingsselskap for turistar frå Russland. Administrasjonen avslo søknaden på grunn av manglande kostnadsoverslag, konkrete avtalar og driftsbudsjett og ville trekkje inn restløyvinga. Innstillinga vart samrøystes vedteken.
Mot ei røyst vedtok næringsfondsstyret å avslå søknaden frå Jordmormarsjen om midlar til marknadsføring. Søknaden var på 50.000 kroner. Rådmannen var innstilt på å løyve 20.000 kroner. Linda Gjerde Myren (Nl) ville avslå søknaden og fekk fleirtal for det. I debatten vart det sagt at dei oppmodar Jordmormarsjen om å søkje på midlane i potten Sommar-Norddal til neste år. Ordføraren vart beden om å nemne det for søkjaren.
Søknaden frå Fjordhagen om dekning av 5.000 kroner i samband med gründercampen vart samrøystes vedteken. Denne saka kom òg opp fordi midlane som rådmannen rår over, er oppbrukte for 2010.
Ja til dyrare maskin
Søknaden frå Eidsdal Idrottslag om midlar til ny trakkemaskin er alt viden kjent sidan han er skriven på rim og sidan NRK Møre og Romsdal la saka ut på nettet før helga. Ikkje nok med at søknadn var skriven på rim. Rådmannen svarte med same mynt:
Næringsfondstyret har noko peng.
Vi prioriterar og vurderar til alle som treng.
Noko tilskot skal de nok få.
Slik at løypene vert gode og magane små.
I dag vi løyver kr 75.000,- til laget.
Til kjøp av maskin av det nyare slaget.
Trakkemaskina blir først og fremst brukt til å køyre opp lysløypa på Løvoll som er fem kilometer lang, men utover vinteren går løypene vidare. Maskina er kjøpt brukt i Stordal til ein samla kostnad på 645.000 kroner og søknaden til kommunen var på 150.000 kroner.
Fleire i næringsfondsstyret kommenterte den kreative søknaden og det vart tidleg klart at fleirtalet ville doble pengesummen.
Då er det berre å endre summen og skrive “.. maskin av det dyrare slaget” foreslo Håkon Myklebust (Sp).
Oddbjørn Lianes (Tvpl) som var den som røysta for innstillinga på 75.000 kroner, sa han ikkje klarte å sjå argumentasjonen for å løyve 150.000 kroner.
Viss eg hadde hatt noko med dette å gjere, ville eg ha koordinert dette slik at dei slapp å ha så mange maskiner, sa han og viste til at dei i Dalsbygda òg nyleg har kjøpt ny trakkemaskin.
Han sa òg at i den kommunen han har hytte, er hyttefolket med på å betale for oppkøyrde løyper.
Spørsmålet om Eidsdal IL kom til å søkje kulturmidlar slik som Norddal IL i si tid gjorde, kom òg på bordet. NIL fekk i si tid 150.000 kroner der halvparten var kulturmidlar og halvparten næringsfondsmidlar.
Ja til fleire
Ytterdal Bil og Karosseri oppgraderer verkstaden til å kunne ta periodiske kontrollar med ein samla kostnad på 120.000 kroner. Søknaden var på 60.000 kroner. Rådmannen innstilte på å løyve 50.000 kroner.
Norddalslista foreslo å løyve 45.000 kroner og fekk med seg alle unntatt ein på det.
Duo Bygg AS som flytta verksemda til Valldal 1. januar 2009, søkte om 250.000 kroner til investeringar i samband med utviding av arbeidsstokken. Rådmannen innstilte på å løyve 75.000 kroner til stillas og verkty. Ei løyving til ein arbeidsbil vart avslegen.
Linda Gjerde Myren kom med framlegg om å redusere løyvinga til 65.000 kroner. Håkon Myklebust som arbeider i same bransje, sa at det er godt om oppdrag for tida og at han kunne vere med på å stele ti tusen kroner frå dei, som han sa. To røysta for innstillinga.
Ja til hagetoalett
Fjellro Turisthotell AS har tidlegare søkt om støtte til toalettavdeling i hagen og utviding av kjøkken med tørrlager. I førre runde fekk dei avslag fordi dei har fått tilskot frå næringsfondet før. No søkte dei på nytt og viste til at fleire mottakarar i førre runde hadde fått midlar tidlegare.
Søknaden var på 167.550 kroner. Innstillinga frå rådmannen var på 50.000 kroner. Norddalslista foreslo å auke beløpet til 70.000 kroner og fekk med seg alle så nær som ein representant på det. Løyvinga på 70.000 kroner gjekk i ein felles pott til hotellet, ikkje styrt direkte til eitt av tiltaka.
Kor mykje har vi brukt no, spurde ordføraren.
335.000, svarte næringssjefen.
Siste søknad som vart handsama, var frå Valldal Auto-Maskin som bad om 50.000 kroner til profilering av stasjonen. Innstillinga frå rådmannen var negativ fordi søknaden ikkje blir omfatta av tiltak som skal prioriterast.
Fleire i næringsfondsstyret peika på at ei forskjønning av området vil vere bra.
Eg hadde tenkt å foreslå meir, men dei kjem langt på veg med 30.000 kroner, sa Bjørn Inge Ruset.
Vedtaket vart gjort samrøystes og løyvingane heldt seg innafor ramma på 370.997 kroner som stod til disposisjon.
|
|
|