Julestemning på torsdagskafeen

”Sonjas sang til julestjernen” og utlodding av juleinspirerte ting, god kaffi og endå betre kaker, gjorde at julestemninga kom og la seg over Stordalstunet førre torsdag.

2. desember 2010
Britt Ingunn Maurstad

Kaffi og kaker må til!

Ein torsdag i kvar månad arrangerer Mental Helse og helselaget i Stordal torsdagskafé på Stordalstunet. Tanken er å gje dei som bur der, eit lite avbrekk i kvardagen med kaffi, kaker og loddsal.
– Det er jo dette som er det Mental Helse driv med. På torsdagskafeen byggjer vi bru mellom brukarar, pårørande, tilsette og dei andre besøkande – heilt i tråd med eitt av føremåla med Mental Helse, seier Ingrid Løset og legg til at noko så enkelt som å samlast slik med jamne mellomrom gjer at trivselen aukar, noko som i sin tur er med på å gi god velferd for den einskilde.

Kulturskule
Då eg var innom for ein varmande kopp kaffi i vinterkulda, var elevar frå kulturskulen i Stordal på veg inn på stova for å vise kva dei held på med. Det er ikkje berre dei eldre som bur på Stordalstundet som deltar. Det er ope for alle som har lyst på ei hyggestund ein ettermiddag, og det er ganske folksomt i stova. Blant dei eg trefte på, var mellom anna Jonas Falck, ein herremann eg som oftast berre ser i rolla som varaordfører.
– Dette er ei av dei faste pliktene eg har, at eg stiller på torsdagskafeen på vegner av helselaget. Og dette er ei av dei trivelegaste pliktene eg har, seier han.
Kulturskuleelevane kjem inn ein etter ein, under kyndig leiing av lærar Inna Krinicka. Det er fleire som viser kva dei kan på pianoet før tre jenter, Rebekka Helland på piano saman med Julie Olsen Almås og Amalie Ekroll Hove på gitar og song, innleiar den musikalske juleavdelinga med det som etter mitt syn er den ultimate julesongen, ”Sonjas sang til julestjernen”. Konserten vart avslutta av Julia Krinicka på fele akkompagnert av mor si, Inna, på piano. Dei spelte eit potpourri sett saman av med mange av dei mest kjente julesongane vore.
Deretter var det livleg prat rundt borda, lodd vart kjøpte og trekte før vi pakka oss inn i yttertøy og hanskar, skjerf og huver og våga oss ut i kulden att.