| Eg har aldri vore i Olagarden før, men det var slett ikkje vanskeleg å finne. Det var berre å peile seg inn på der mange bilar stod parkert og gå etter lyden. For det var folksamt der inne, og handlelysta såg ut til å vere til stades. Ikkje så rart kanskje med så mykje fint som var til sals av både handverk, mat og bøker.
Forfattarbesøk
Inne på eit rom der bokfolket heldt til, fekk eg meg ein triveleg prat med både Astor Furseth, Liv Randi Bjørlykke og Eystein Hjelme. Furseth hadde med seg bøkene om dommedagsfjellet, Bjørlykke var der med boka si om Osvik-folket. Ut frå trafikken inn på ”bokrommet”, ser det ut til at det er mange bøker som finn vegen under juletrea i år.
Inne på stova der folk kunne setje seg ned med ein kopp kaffi og noko å ”bite ti”, var det òg folksomt. Praten gjekk livleg om alt frå alt det fine som var å få kjøpt inne i naboromma til vêret og mykje anna slik det gjerne er i slike samanhang.
Snurrebass
Det var ikkje mange mange som hadde tatt med seg småfolk, men attmed hylla med trereiskap og leiker, fann eg to som såg ut til å ha funne kvarandre. Julie og Emil hadde fått seg kvar sin vesle snurrebass og leika seg i ei krå. Å sjå at ei enkel leike som ein snurrebass kan vere så fascinerande for ungar som heilt sikkert er vande med allslags meir ”avanserte” leiker, var moro. Av Emil fekk eg ei grundig forklaring på korleis snurrebassen fungerte, og eg fekk til og med lov til å prøve snurrebassen sjølv under oppsyn av sjefssnurrar Emil.
Etter å ha fått meg ein kopp kaffi, forsynt meg med smaksprøver på alt frå spekemat til eplesaft til løfser og attpåtil handla litt, overlét eg handlinga resten av ettermiddagen til folket som var på veg inn då eg var på veg ut.
|
|
|