Julemessa flytta innandørs |
||||||||
![]() |
Dei heldt julemesse på Stampa i fjor, og ville gjenta suksessen i år. På grunn av det kalde vêret den siste tida flytta dei messa til bedehuset på Mo. | |||||||
|
||||||||
Mange sikra seg eit steinomnsbakt brød frå Annrid Nerhus. |
||||||||
| Sjølv om det vart noko mildare laurdag enn det har vore dagane før, var det nok godt å ha tilhald i eit godt oppvarma bedehus. Og vart det likevel litt kjølig, eller berre for kosen sin del, kunne ein ta seg ein tur til kafeen i kjellaren og varme seg med sveler, pølser, kaffi og gløgg. Vi har med fem fleire enn i fjor, fortel ein av initiativtakarane og sjølv utstillar, Wenche Henden. Ho fortel at det har vore eit jamt tilsig av gjester, men at besøket nok er prega av at dei har tilhald eit stykke frå sentrum. Vi har hatt mykje hyttefolk innom, fortel ho. Ho trur at julemessa etter kvart kan verte ein tradisjon, så lenge folk har tid til å vere med i ei elles travel førjulstid. Vi arrangerer litt på sparket. Det ligg ikkje så mykje planlegging bak, men det går greitt, seier ho. Mellom dei ”nye” utstillarane i år finn vi også Torunn Ljøen frå Melchiorgarden i Norddal. Ho fortel at ho og mannen Petter Melchior måtte dele seg i dag. Ho er i Stordal, medan han stiller ut i Tafjord. Også ho kan fortelje om eit jamt besøk. Kålrabi til stappa på julaftan kunne ein sikre seg hos Bente Selboskar frå Jogarden, og fisk til jul kunne ein sikre seg frå Høybergs Fiskeprodukter og Sunnmøre Røykeri. Holt Gardsmat stilte med sine kjende godsaker, og Annrid Nerhus stilte med steinomnsteikte brød i tillegg til at ho saman med Wenche Henden hadde laga dukar i lappeteknikk og dørkransar. Utanom dei frå før nemnde, var andre som stilte ut Alfred Johansen med knivar, Magnar Vad med honning, Gunnhild Bueide med såpe og Tove Brattås Øvrebust med strikka klede. |
||||||||