Gode resultat i krinsrennet

Langrennsgruppa i Stordal IL hadde treningssamling på Dombås og avslutta med krinsrenn på Bjorli søndag.

16. desember 2010
John Kristian Hjelle

Nokre av gutane samla på Dombås. Frå venstre; Hallvard Lied, Petter Løset Skodjereite, Fredrik Øie, Peder Øvrebust Høiseth, Tore Larsen Skodjereite, Per Ivar Vestre og Patrick Aasen.

Der tinga dei vandrarheimen Trolltun. Så mange som 50 personar med stort og smått var med, av desse 20 løparar mellom sju og 20 år.
– Treningssamlinga er i regi av Stordal IL, men det er ope også for andre å vere med, fortel Pål Bjørn Øvrebust frå Stordal IL.
Denne gongen hadde dei mellom andre med seg to løparar frå Liabygda.
– At andre er med er vi glade for, det gjer at treningane får eit høgare nivå. Dei eldste lokale juniorane var med og instruerte. Vi hadde fire fellesøkter, to på fredag og to på laurdag. Dei gode tilhøva i helga gjorde at vi hadde eit godt sportsleg utkome av samlinga, i tillegg til at det sjølvsagt sosialt sett er veldig kjekt, fortel han.

Krinsrennet
Søndag vart det første krinsrennet for sesongen arrangert av Isfjorden IL og LK på Bjorli, noko som passa godt då dei kunne stoppe på der på heimturen. Rennet gjekk i klassisk stil, og det vart fleire gode resultat på våre lokale talent.
– Fleire syner stor framgang frå fjoråret, og resultata på Bjorli syner at løparane er godt i rute til ein ny sesong, seier trenaren.
Mellom anna både Martine Lorgen Øvrebust (Stordal IL) og Trond Marius Vad (Valldal IL) som imponerte med gode tider, og Tiril Olin Vestre Røkke (Stordal IL) som slo Live Aandal frå Isfjorden i Jenter 15 år, ei ho har hatt problem med å slå tidlegare. Også Petter Elias Vestre Røkke Og Petter Løset Skodjereite (begge Stordal IL) gjorde gode løp i klassa Gutar 12 år med 1. og 3. plass, og Fredrik Øie (Stordal IL) synte stor framgang i klassisk med ein sterk 2. plass i Gutar 13 år, fristil har normalt vore hans sterke disiplin tidlegare. Hallvard Lied (Liabygda IL) gjorde også eit godt løp, med 3. plass i Gutar 14 år.

Heng med
Geir Marius Øie (Stordal IL) er i ei tøff og jamn klasse, Gutar 19-20 år, men synte med 4. plassen sin at han har heng saman med dei beste.
– Med litt spissing av forma fram mot helga er det håp om at han skal gjere det bra på mønstringsrennet på Savalen. Dette er eit uttakingsrenn for Junior-VM, eg trur at også Trond Marius og Lars Andreas Hoel (Valldal IL) skal vere med der. Vi får berre håpe Lars Andreas vert frisk att, han var sjuk no i helga, seier Pål Bjørn Øvrebust.
Han fortel vidare at det neste kretsrennet, og den første verkeleg store testen, er romjulsrennet i fristil i Molde 30. desember. Dette er eit renn også i Sparebanken Møre-cup, og Øvrebust trur at det sikkert kjem til å vere med fleire der enn det var på Bjorli no i helga.