Eksamen 12.09

Kommunevalet blir som ein eksamen for oss for å sjå kor mange som tek attval.

16. desember 2010
Sissel Tiril Rem


Nokre av gutane samla på Dombås. Frå venstre; Hallvard Lied, Petter Løset Skodjereite, Fredrik Øie, Peder Øvrebust Høiseth, Tore Larsen Skodjereite, Per Ivar Vestre og Patrick Aasen.

Orda kom frå leiar i Tausaløftet, Solveig Linge Stakkestad, på Kraftsenteret måndag. Organisasjonen som arbeider for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken, hadde invitert alle gruppe- eller partileiarar til ein prat om nominasjonsarbeidet og om utfordringane med å få fleire kvinner til å stille på listene til kommunevalet i Norddal.

Få til stades
Oppmøtet var labert, men ein gammal veteran, Svein Linge, tok turen. Han fortalde om korleis situasjonen var då han kom inn i politikken i 1971. Gjennom å mobilisere nokre få personar skifta dei ut mange på lista.
– Det var då Ragnar Lødøen kom inn, fortel Svein Linge.
– Dei første periodane var alt avgjort på førehand i gruppemøta til Senterpartiet og KrF. Vi måtte skrive i avisa for å vise at det fantest alternativ og vart sedde på som bråkmakarar, minnest Svein Linge.

Kvinner
Når det gjeld kvinnerepresentasjon, seier han at han vart overraska etter førre kommuneval. Då hadde Tverrpolisk liste like mange kvinner og menn på lista, men det var tre karar som fekk flest stemmer og som kom inn i kommunestyret.
Solveig Linge Stakkestad seier at løysinga kanskje er at kvinner må røyste på kvinner for å få fleire inn i kommunestyret.
– Det verkar som om likestillinga går raskare på andre stader i samfunnet enn i kommunestyra, seier ho.
– Eg har blitt lovt juling, så eg forstår at somme kan kvie seg. Det kan vere ubehageleg å ha meiningar. Du fekk din del i striden om å selje aksjane i Tafjord Kraft, seier Svein Linge adressert til Solveig Linge Stakkestad.

Lite ideologi
Svein Linge meiner det ikkje er mykje ideologi å sjå i dei ulike partigruppene.
– Det handlar mest om sak, personar, grender og bygder, seier han.
– Dessverre! seier Anne-Kristin Aklestad.
– Det er interessant når ein får til utvikling og samarbeid med fleire, seier Solveig Linge Stakkestad og vedgår at det kriblar litt etter å gå inn i lokalpolitikken att. Ho har ikkje vore med i inneverande periode.

Tel på knappane
Dei to andre kvinnene som er til stades, har vore med i Tausa-løftet heile vegen. Begge seier at det har vore lærerikt, men er likevel usikre på om dei vil stille til val.
Lillian Almstad har vore vararepresentant til kommunestyret for Frp. Ho er i tenkjeboksen. Anne-Kristin Aklestad stod på Tverrpolitisk liste til førre kommunestyreval, men har ikkje hatt ei aktiv rolle i denne perioden. Ho skal bruke jula til å vurdere om ho vil stille på att. Fleire omsyn må takast både til krevjande arbeid og små barn.
– Viss ein ikkje er med, kan ein iallfall ikkje sitje og syte. Om ein kan vere med og påverke noko, er det viktig, seier Anne-Kristin Aklestad.