Å kjenne seg annleis

Ho skapte merksemd då ho tidlegare i haust framfor ein Borgundhall fullsett med medelevar i tillegg til presse og kronprins Håkon, fortalde om korleis det er å vekse opp i ei lita bygd og vite at ein er annleis enn andre.

22. desember 2010
John Kristian Hjelle

Jeanette bur i Tennfjordhuset på Dyrkorn saman med katt og sambuar.

Underteikna vert ønskt velkomen måndag kveld av ei småstressa jente som akkurat er ferdig med fjøsstellet hos tante Kari.
– Eg skal vere avløysar for henne i jula, fortel ho medan ho ryddar unna litt.
– Det er litt smårotete her, seier ho unnskyldande, før vi sessar oss i den delvis julepynta leilegheita i andre etasje i det som vert kalla Tennfjordhuset nede ved sjøen på Dyrkorn.
Her har ho budd i om lag eit år, og for nokre dagar sidan flytta kjærasten Veronika Nøstdahl, opprinneleg frå Tomrefjord, inn saman med henne.
– Det er difor det er litt rotete her. Vi har ikkje kome heilt i orden enno, forklarer Jeanette.
Ho og Veronika, begge 19 år gamle, er ikkje berre kjærestar og sambuarar, dei er også forlova.
– Eg gjekk ned på kne, for å seie det slik, seier Jeanette med eit smil.
Dei to møttes tilfeldig på fjorden i Tomrefjord der dei passerte kvarandre i kvar sin småbåt. Jeanette saman med søskenborna som ho var barnevakt for, medan Veronika var ute på båttur saman med broren sin. Veronika kjem inn med småkaker og lurer på om eg vil ha kaffi eller noko anna å drikke. Ho er litt blyg, og vil helst ikkje vere med på bilde.

Fortalde til kronprins Håkon
Attende til Borgundhallen og kronprins Håkon.
– Det var såkalla ”Dignity day”, og vi var delt inn klassevis og skulle fortelje kvarandre historiar om verdigheit. Eg fortalde om korleis det er å vakse opp i ei lita bygd og vite at ein er annleis enn andre, at ein ikkje er ”normal”, og korleis det er å ”kome ut av skapet ” og fortelje om si lesbiske legning. Det er ikkje så lett å føle at ein på ein måte er fanga i feil kropp. Eg likte best å leike med bilar og byggje lego då eg var liten. Viss vi leika med dokker, ville eg helst vere mann, og eg vart nok mobba litt på grunn av at eg var annleis enn andre. Rettleiaren min spurde meg så om eg kunne fortelje historia mi også i plenum. Eg hadde berre nokre minutt å bestemme meg på. Det var godt over 200 personar som høyrde på, men eg var nok mest nervøs på grunn av at kronprinsen også var der. Etter at han hadde snakka og takka for seg, kom han bort til meg og sa at han var sikker på at dei seks søskena mine var stolte av meg. Det var utruleg med merksemd eg fekk etter dette. Dagen etter hadde eg matteprøve på skulen, og mobilen låg i penalet og vibrerte heile tida. Eg sjekka han då eg var ferdig med prøven, og det var 40 meldingar og mange tapte anrop frå både kjende og ukjende, alle positive. Eg har ikkje fått ei einaste negativ tilbakemelding etter dette, fortel ho.

Stor familie
Jeanette er eldst av sju søsken. Utanom eldstedottera på 19 år har mamma Hilde og pappa Roger borna Petrine på 16, Karoline på 15, Josefine på 10, Christoffer på 8, Andreas på 6 og Hendrik på 3 år. Jeanette har vakse opp saman med familien eit stykke lenger opp i Dyrkornbygda.
Ho går i år helse- og sosialfaglina på Ørskog, ei avdeling av Borgund vidargåande skule, der ho i år byrja på nytt att etter at ho slutta der etter eit halvt år i fjor for å jobbe i staden.
– Eg hadde eigentleg tenkt å gå lina for barne- og ungdomsarbeidarfag, men lækjaren meinte at eg bør velje noko der eg kan sitje ein del då eg er plaga av kronisk senebetennelse i akillessena. Eg trur difor eg skal gå IKT til neste år. Eg likar godt å halde på med data. Frå før har Jeanette eit år på musikklina ved Fagerlia vidaregåande skule, og eit år på folkehøgskule i Bergen.

Aktiv trommeslagar
Mange kjenner til Jeanette frå ulike framsyningar og konsertar der ho har sete bak trommene i enten Stordal skulekorps, Stordal hornmusikklag eller Ørskog Brass. Ho har også delteke på UKM. Perkusjon og trommespel er den store hobbyen, og ho var med og marsjerte i det første 17. maitoget saman med Stordal skulekorps då ho var sju år gammal. I Stordal hornmusikklag var ho med frå før ho var ti. Sidan ho var tolv, har ho vore innleigd til ulike konsertar med Ørskog Brass, der ho har vore med fast sidan ho var 16.
– No er eg fast med i hornmusikken og Ørskog brass, fortel ho.
Siste konserten før jul var unnagjort med Ørskog Brass i Ørskog kyrkje søndag.
– Det er veldig mykje øving i desse tider. Ørskog brass skal delta på NM i Bergen i januar, og Stordal hornmusikklag skal ha jubileumskonsert også i januar. Ho likar elles å spele pop/rock, men likar ikkje hardrock/-metall.
– Eg er vel eigentleg det du kan kalle ein korpsnerd. Eg høyrer på korpsmusikk også når eg er på skulen, seier ho smilande.
– Ja, til og med når du skal sove, legg Veronika til.

Eit par kattar?
Jeanette klappar katten Samira, ein av to kattesøsken som dei har i hushaldet. Broren til hokatten Samira heiter Terkel, han er litt større enn Samira.
– Eg reagerer litt på kattehår og kattesand, så vi er på utkikk etter nokon som kan overta kattane, fortel ho.
Dei to første dagane av jula skal Jeanette og Veronika feire heime med sine respektive foreldre, Jeanette på Dyrkorn og Veronika i Tomrefjord. Etter det vert det kanskje tid til ein av yndlingsaktivitetane, aking ned vegane på Dyrkorn.
– Å renne på akebrett ned Dyrkornvegane er gøy. Vi har allereie øydelagt to-tre akebrett i år, fortel Jeanette med ein latter.