| Eit utval samansett av ordføraren og gruppeleiarane har sidan dei fekk mandatet i februar i år, hatt tre møte der moglege endringar av den politiske organiseringa har vore diskutert.
Usemje
Utvalet la ikkje fram noka innstilling til kommunestyret sidan meiningane var delte. Referatet frå siste møtet synte at Senterpartiet og Norddalslista var samde om å halde på representanttalet som i dag både i formannskap og kommunestyre. Arbeidarpartiet gjekk for 17 i kommunestyret og fem i formannskapet. Tverrpolitisk liste gjekk for 17 i kommunestyret og sju i formannskapet. Fremskrittspartiet har berre vore til stades på eitt møte, og synet til partiet var ikkje nemnt i referatet.
Uheldig å redusere
I kommunestyret opna Audun Skjervøy debatten med å vise til formannskapslovene som vart gjeldande frå 1. januar 1838.
Det er dei lovene som gjer at vi sit her i dag. Dei fastslo at det ikkje skulle vere embetsmenn, men folk valde av folkefleirtalet som skulle styre økonomien i det som vart heitande ”herad”, sa han og viste til ein trend siste åra med å kutte i talet på representantar.
Eg synest det er uheldig om talet på folkevalde blir eit økonomisk spørsmål. Viss vi vil ha deltakande innbyggjarar, må vi godta at det kostar pengar. Det som går til folkestyre, er småpengar samanlikna med anna vi brukar pengar på. Det er ikkje godt å argumentere for å kutte folkeleg representasjon, sa han og la til at det er merkeleg å bruke argument som effektivisering av sakshandsaminga for å kutte talet på representantar.
Framlegg om utsetjing
Håkon Myklebust sa at synet var delt i Senterpartiet. Han meinte det var uproblematisk å redusere talet frå 21 til 17, og at det politiske engasjementet i bygdene er viktigare enn om ein tek vekk fire representantar.
Arild Nærø som no er sjølvstendig representant, støtta Audun Skjervøy og meinte at saka er altfor viktig til at dei skulle kome i tidsnaud med å diskutere henne på tampen av budsjettmøtet. Han foreslo difor å utsetje saka.Til det sa ordføraren at ei utsetjing vil føre til at endringa ikkje vil gjelde frå neste valperiode. Voteringa over utsetjing fekk berre røysta til Arild Nærø.
Oddbjørn Lianes (Tvpl) støtta Håkon Myklebust i at det politiske engasjementet er viktigare enn om ein har 21 eller 17 representantar. Bjørn Inge Ruset (Ap) var skeptisk til å ha 17 i kommunestyret og sju i formannskapet, sidan han var redd for ein ubalanse i styrkjeforholdet mellom det eine hovudutvalet og kommunestyret.
Voteringa
I røystinga over representantar i kommunestyret røysta ni for 17 representantar, åtte for 19 representantar og 13 for 21 representantar. Åtte røysta for fem representantar i formannskapet, 13 røysta for sju.
Vidare vedtok kommunestyret å leggje ned driftsutvalet mot ei røyst. Anleggsnemnda og bygdeutvala vart samrøystes nedlagde. Endringane gjeld frå neste kommunestyreperiode i åra 20122015.
Naudsynte endringar i delegasjonsreglement og reglement for politiske utval skal leggjast fram for politisk handsaming.
|