Storfordnytt
Nr. 48 onsdag 22. desember

Å kjenne seg annleis

Ho skapte merksemd då ho tidlegare i haust framfor ein Borgundhall fullsett med medelevar i tillegg til presse og kronprins Håkon, fortalde om korleis det er å vekse opp i ei lita bygd og vite at ein er annleis enn andre.
Les meir

Opprettheld talet på representantar

Norddalslista og Senterpartiet sytte for at Norddal kommunestyre held fram med 21 kommunestyrerepresentantar og sju formannskapsmedlemmer i neste valperiode.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 47 torsdag 16. desember

Gode resultat i krinsrennet

Langrennsgruppa i Stordal IL hadde treningssamling på Dombås og avslutta med krinsrenn på Bjorli søndag.
Les meir

Eksamen 12.09

Kommunevalet blir som ein eksamen for oss for å sjå kor mange som tek attval.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 46 torsdag 9. desember

Blant snurrebassar og nissar

Tid for julehandel, var det nok mange som tenkte i helga. I Olagarden i Tafjord var det iallfall svært mykje folk på den årlege julemarknaden laurdag.
Les meir

Julemessa flytta innandørs

Dei heldt julemesse på Stampa i fjor, og ville gjenta suksessen i år. På grunn av det kalde vêret den siste tida flytta dei messa til bedehuset på Mo.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 45 torsdag 2. desember

Med rim i løypene

Næringsfondsstyret løyvde måndag totalt 365.000 kroner fordelt på seks søknader. Eidsdal idrottslag vart vinnaren med 150.000 kroner til ny trakkemaskin med ein søknad skriven på rim.
Les meir

Julestemning på torsdagskafeen

”Sonjas sang til julestjernen” og utlodding av juleinspirerte ting, god kaffi og endå betre kaker, gjorde at julestemninga kom og la seg over Stordalstunet førre torsdag.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 44 Laurdag 27. november

Mogleg sal av Norddal Elverk

Etter det Storfjordnytt kjenner til kan det bli aktuelt å selje Norddal Elverk.
Les meir

Nye klede av gamalt stoff

“Red Shoe” er varemerket til Gry Annette Bonsaksen og som ho fekk tilskot frå næringsfondet til i sommar.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 43 Torsdag 25. november

Julemesse med husflid

Norddal husflidslag hadde fredag julemesse på Kraftsenteret i Valldal. Det same hadde dei i fjor som var første gongen dei samarbeidde med Frivilligsentralen.
Les meir

Faste opningstider etter jul

Arbeidet med å få til permanente lokale til Frivilligsentralen i tilknyting til ungdomsklubben i Stordal er godt i gang.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 42 Torsdag 18. november

Korpset med rekord

Søndag var det fullt hus på julemessa til Eidsdal Musikkorps. Det var mykje å velje i av dekor, mat og nyttige ting. Aldri før har dei fått inn så mykje pengar til å drive korps for.
Les meir

Snart sesongklart

Det har vore stor aktivitet i Overøye- og Langsæterområdet i haust. I Arena Overøye er dei i full sving med å førebu ein ny sesong. I langrenns- og turløype-traseane i området rundt er det gjort ein god del utbetringar.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 41 Torsdag 11. november

Krøll med ferja etter kollisjon

Måndag vart nok ein gong MF ”Geiranger” som som går mellom Eidsdal og Linge, teken ut av ordinær rute og sett inn i eit trekantsamband Eidsdal-Liabygda-Stranda.
Les meir

Juniorlag på innandørs KM

Stordal stilte med lag under KM for junior (Gutar 19 år) i innandørs fotball (Futsal) i helga.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 40 Torsdag 4. november

Konkurranse om verdsarv

Lag ein teikneserie og bli med i trekkinga av ein flott premie og ein sjanse til å bli årets verdsarvteiknefilm.
Les meir

Mellomsteget i lag om kulturdag

Elevane på mellomsteget i Norddal kommune var tysdag samla på Valldal skule. 100 elevar kunne velje mellom aktivitetane dans, hund, mat, rock og forming
Les meir


Storfordnytt
Nr. 39 Torsdag 30. oktober

Forut-basar i barnehagen

Stolte barn og tilsette i Eidsdal barnehage inviterte til Forut-basar tysdag.
Les meir

Mann sikta for tjuveri

Ein mann er pågripen og sikta for tjuveria mellom anna på Vidhammer.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 38 Torsdag 21. oktober

Ein 35-åring full av sjølvtillit

Eidsdal skulekorps som dei no heiter, er 35 år i desse dagar og søndag heldt dei ein flott konsert på skulen i Eidsdal.
Les meir

Dristig satsing

Snart får Geiranger ein ny møteplass. I Villa de Sving blir det kombinert kafé og klesbutikk om nokre veker.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 37 Torsdag 14. oktober

Loppemarknad med vri

Laurdag arrangerte Eidsdal-Norddal Røde Kors loppemarknad der inntekta skulle gå til flaumoffera i Pakistan.
Les meir

Flytebryggje med kraft og kloakk

Flytebryggjer med tilgang til straum og handtering av kloakk og spillvatn kan bli ilandstigingsbryggje for cruisepassasjerar.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 36 Torsdag 7. oktober

Populær langrennsamling

Med 92 deltakarar vart det i helga for tredje år på rad arrangert treningssamling i langrenn med utgangspunkt i Stordalshallen og Kirkebø stadion.
Les meir

Fin haustfest for Ruggå 4H

Åtte medlemmar stilte ut prosjekta sine på Haustfesten til 4H i Fjørå søndag.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 35 Torsdag 30. september

Digitale gardskart gjev klare meldingar

– Eg har aldri opplevt juks verken med areal eller tal på dyr her i kommunen. Det er helst at ein gløymer å justere grensene, seier næringssjef Toralv Klokkehaug om innrapportering av gardsareal.
Les meir

Fryktar dårlegare teneste

Om det regjeringsutnemnde utvalet får det som dei vil, kan mange av dei tenestene som hjelpemiddelsentralen no gir, bli flytta ut til kvar einskild kommune. Det har Ole Johan Vidhammer slett ikkje sansen for.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 34 Torsdag 23. september

Skotpremie på rev og kråke

Formannskapet i Stordal kommune gjekk imot rådmannen si innstilling og vedtok samrøystes skotpremie på ikkje berre rev, men òg på kråke.
Les meir

Sunnmørs-jente ny reiselivssjef i DGT

Cathrin Åkre er tilsett som ny reiselivssjef i Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen AS. Ho byrjar stillinga 1. november, og ser fram til å ta fatt på spennande oppgåver.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 33 Torsdag 16. september

Etter same mal som før

Aktivitetar ute og inne, konsertar og generelt sosialt samvær. Opp-legget rundt Ung Helg-arrangementet i helga vart med andre ord slik dei aller fleste kjenner det frå tidlegare år.
Les meir

Ny bru til Kvammen i haust

Innhenting av tilbod har vore gjort og Stordal kommune har valt ein tilbydar til bygging av ny Kvammen bru. .
Les meir


Storfordnytt
Nr. 32 Torsdag 9. september

Små fingrar plukka store poteter

Dei måtte berre vente til sola hadde kome høgt nok på himmelen til å jage dogg og skuggar vekk frå Bjørstad.
Les meir

Vel blåst for andre gong

Byggjande helsearbeid – førebygging og samhandling, var temaet for årets Storfjordkonferanse, og det var førebygging dei aller fleste av talarane var opptekne av.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 31 Torsdag 2. september

Stovekonsert med Fribo

– Fole kjekt at så mange kunne kome i slikt surt vêr. Slik takka Anne Sofie Linge Valdal på vegner av Fribo alle dei som på tysdagskvelden fylte opp stova i Paktarstova i Norddal.
Les meir

Fantasi, humor og alvor

Kan stavsprang utan stav bli ein ny stor idrett i Stordal, eller kan hende skal ein satse på aktivitetar som stubbestussing eller gråsteinkosing?
Les meir


Storfordnytt
Nr. 30 Torsdag 26. august

Mange besøkte Valldal samdrift

Søndag inviterte Valldal bondelag til open gard på Hjelme.
Les meir

Jaktar på innspelingsstader

NRK Super skal lage tv-serie der handlinga går føre seg ein stad på Sunnmøre. No har dei vore på tur i området for å sjå etter eigna stader.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 29 Torsdag 19. august

God sesong i Geiranger

Litt avhengig av kva du driv med, så har sommaren vore litt opp og ned for reiselivsbedriftene i Geiranger.
Les meir

Dårleg jordbærsesong

I år har marknaden etter kvart fått mykje fin konsumbær frå Valldal, men ved mottaket i Valldal er dei ikkje nøgde med volumet på industribær.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 28 Torsdag 12. august

Nye reglar opprører campingfolket

Anders Fjørtoft, ein av dei som har campingvogna si på Jemtegård feriesenter, vonar at det skal vere mogleg å få kommunen med på ei løysing som gjer at alle kan leve i fred og fordrageligheit i gjensidig forståing.
Les meir

Glaskunst og grafikk

Årets utstillarar ved Kyrkjehola Kulturbeite var Anne Brit Krag og Bjørn Brusdal.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 27 Torsdag 8. juli

Stordalscup i strålande vêr – som vanleg

Vêrmeldingane varsla regn til stordalscup-helga langt ut i veka før, men då helga endeleg kom vart det ”Stordalscup-vêr” med årets finaste dag så langt på laurdagen.
Les meir

Ut på tur!

Dei som kjenner meg, veit at eg på ingen måte er av dei som oftast ferdast ute i skog og mark – og i alle fall ikkje på fjellet. Eg må seie eg lurte på kva eg hadde sagt ja til då eg fann fram fjellskorne og pakka sekken for å bli med på tur til Reindalseter som opna siste helga i juni.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 26 Torsdag 1. juli

Midtsommardagar med nye vriar

Arrangørane hadde i år gjort eit par vriar på dei ”faste” innslaga. I tillegg forsøkte dei seg for første gong med Camp Norddal, eit tilbod til ungdommane.
Les meir

Dårleg sikt på Rønneberg

For vel ei veke sidan skjedde ei ulykke i krysset kommunevegen og avkøyringa til gardane på øvre Rønneberg då ein gut sykla seg rett på ein lastebil.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 25 Torsdag 24. juni

Våte slåtte dagar på Veiberg

I helga inviterte Stiftinga Severinbrauta til slåttedagar og open dag. Vêret var ikkje det aller beste, men det såg ikkje til å stoppe dei ivrige kursdeltakarane. Les meir

Storslått opning av Gudbrandsjuvet

Mange skodelystne frå heile kommunen, forbipasserande turistar og prominente gjestar som ikkje så ofte gjestar kommunen vår, var til stades då anlegget på Gudbrandsjuvet vart offisielt opna måndag.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 24 Torsdag 17. juni

Eksklusiv musikkoppleving

Omenås Musikfestival vart arrangert sist fredag på Fjellro i Valldal. Eit vakse publikum kom tidleg, fann plassane sine og fekk det dei var komne for, og meir til.
Les meir

Åleine i møbelbransjen

Å kunne trivast i eige selskap er viktig med ein arbeidsplass slik som den vekas gjest har. Edel Birgitte Vidhammer har nemleg ein heil fabrikk for seg sjølv.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 23 Torsdag 10. juni

Midtsommardag med ny vri

Camp Norddal er friluftscampen for ungdom under årets Midtsommardagar, ein nyskaping som arrangøren har fått til i samarbeid med ungdomsrådet i kommunen.
Les meir

Staurgale

– Er dette staurgale, staurløye eller rett og slett berre greinalaust? Spørsmålet kom frå ein far som var med for å sjå på staurinstallasjonane utanfor Norsk Fjordsenter i Geiranger.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 22 Torsdag 3. juni

Forlik i Fjørå

– Forliket sat langt inne politisk, men vi kom til at med å vere rause, ville vi bli ferdige med sakene, seier ordførar Bjørn Inge Ruset.
Les meir

Med Stordal som base

I Stordal sentrum har Harry Tøsse og Inge Sunde etablert nytt firma med slagordet «La verden se deg». Kontoret har utstilling og vareprøvar. Firmaet har dei gitt namnet ProfilX.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 21 Torsdag 27. mai

Drillgardistar frå Liabygda

I drilltroppen i Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani er dei 36 mann. For tida er seks sunnmøringar med i troppen. To av desse kjem frå Liabygda.
Les meir

Rekruttering på arbeidsplassar

Tausaløftet går stadig nye vegar for å forsøke å inspirere og motivere kvinner til å engasjere seg i lokalpolitikken. No er dei ute og besøker dei mest typiske kvinnearbeidsplassane i kommunen.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 20 Torsdag 20. mai

Jordbær, bringebær og poteter

På Døving i Valldal er dei i full gang med klargjeringa av alt som snart skal skje. Dei har gjort det før, så dei veit kva som ventar.
Les meir

Klar tale frå rådmannen

– Administrasjonen kjem ikkje til å ta noko initiativ til ei ny runde om opningstidene i barnehagane, seier rådmann Stig Holmstrøm.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 19 Torsdag 14. mai

–  Strålande glad og nøgd

Ordførar Bjørn Inge Ruset er strålande glad og nøgd med at Miljøverndepartementet har godkjent reguleringsplanen for Muriparken
Les meir

100-årsmarkering med sunne vaflar

Laurdag 8. mai markerte helselag over heile landet at Nasjonalforeningen for folkehelsen har eksistert i 100 år.
Les meir


Storfordnytt
Nr. 18 Torsdag 6. mai

Løyvde vel ein million kroner

Næringsfondsstyret følgde i stor grad innstillinga frå rådmannen då dei løyvde pengar frå næringsfondet for første halvår, men det draup litt på fleire. Les meir

Sykkeltrim i surt vêr

165 registrerte deltak-arar trassa det sure vêret, kledde seg etter tilhøva og deltok på den årlege sykkeltrimmen i Stordal 1. mai. Les meir


Storfordnytt
Nr. 17 Torsdag 29. april

Innhaldsrik grøft og gangveg

I tida som kjem vil det vere mykje graving på Sylte. Grøftene som skal gravast er både lange og djupe og skal innehald vatn, avløp, kabeltrasé, overvatn og fjernvarme. Les meir

Skuleskyssen i Stordal

Også i Stordal har dei fått Fjord1 Buss Møre sitt endelege opplegg for skuleskyssen, og misnøya er stor.
– Denne saka gir eg meg ikkje på, seier ordførar Charles Tøsse. Les meir


Storfordnytt
Nr. 16 Torsdag 22. april

Kongegull til Astor Furseth

Vilkåra for å få tildelt Kongens fortenestemedale i sølv er strenge. Å få han i gull er ei bragd. Det må vere eit arbeid av ”ekstraordinær nasjonal og samfunnsmessig verdi”. Les meir

Grease-konsert med felleskorps

Øvingshelga for skulekorpsa frå Stordal og Vatne i Stordalshallen vart avslutta med Grease-konsert søndag ettermiddag. Les meir


Storfordnytt
Nr. 15 Torsdag 15. april

Trafikkfarleg på Dyrkorn

Trafikken gjennom Dyrkorn er til tider stor, men trafikk-tryggleiken er det så som så med. Då Storfjordnytt var på synfaring, var det berre eitt køyretøy som såg ut til å halde 50-grensa sånn noko lunde. Les meir

Eit par sure tonar, men ingen sure miner

– Det er ein kjekk gjeng å ha med å gjere, var konklusjonen frå dirigentar og instruktørar etter å ha samla alle unge korpsmusikantar i kommunen til felles øvingshelg og korpskafé i Valldal. Les meir


Storfordnytt
Nr. 14 Torsdag 8. april

Steinras ved Rønnebergjuvet

Ein våt haust og rekordkald vinter har gjort at når det no lir mot vår kjem ned stein mange stader. I går vart eine køyrefeltet på veg opp frå Eidsdal sperra på grunn av steinras. Les meir

Krass kritikk av kontrollutvalet

Rådmannen kom med krass kritikk av kontrollutvalet i kommunestyremøtet i mars. Les meir


Storfordnytt
Nr. 13 Tysdag 30. mars

Betre seint enn aldri

Tittelen på karafesten i Eidsdal laurdag viser til at festen eigentleg skulle ha vore i 2008, men at det av ulike grunnar har teke noko tid å få han i stand. Les meir

Ein opplagt buplass

Det var nesten fullt hus då Stranda kommune inviterte til møte på ungdomshuset i Liabygda førre tysdag der næringssjefen skulle orientere om eit «Bulyst-prosjekt». Les meir


Storfordnytt
Nr. 12 Torsdag 25. mars

Vann prestisjeprosjekt frå NAV

Måndag var det kalla inn til pressekonferanse hos NAV Møre og Romsdal i Molde, der ei stor kontrakt med Muritunet nettopp var underteikna. Avtalen gjeld overvektige som anten står i fare for å falle ut, eller som allereie er utanfor arbeidslivet på grunn av overvekta si. Les meir

Rehabilitering eller riving var spørsmålet

Det vart det diskusjon om då saka om Stordal skule skulle handsamast i formannskapet førre onsdag. Les meir


Storfordnytt
Nr. 11 Torsdag 17. mars

Rasfare og stengde vegar

Det er vel ingen som ikkje har fått med seg at dei siste døgna har kome mykje snø og at ras og fare for ras har ført til om lag 20 stengte vegar rundt om i fylket vårt, mange av dei her i vårt eige nærområde. Les meir

God lokal innsats

Det som frå morgon-en av såg ut til å bli ein grå og tung dag med attsnødde løyper og umoglege smørjeforhold, vart i staden eit svært vellukka avvikla renn for Stordal IL. Les meir


Storfordnytt
Nr. 10 Torsdag 11. mars

Det går mot omlegging av bussrutene

Dagen for ei avgjerd nærmar seg. Måndag 15. mars skal Fjord1 Buss Møre avgjere korleis bussrutene – og også skulerutene – vil bli framover. Planane er lagt, men det har vore mykje diskusjon i bygdene om dei endringane som vil kome. Les meir

Vårkonsert med korpset

Litt optimistisk, kanskje, å tru at våren for alvor er komen allereie første helga i mars, men Eidsdal Musikkorps valde likevel å leggje den årlege vårkonserten til 7. mars. Les meir


Storfordnytt
Nr. 9 Torsdag 4. mars

Staten kan kome til å bryte avtale med Muritunet

Løyvingane over statsbudsjettet for 2010 til NAV er blitt sterkt kutta. Det kan mellom anna gå ut over Muritunet og 14 andre rehabiliteringssenter som har inngått avtale om arbeidsretta rehabilitering. Les meir

Lengre dagar for elevar

Det er ikkje berre på sørsida Fjord1 Buss Møre vil leggje om skulerutene, også den bussen som fraktar elevar som går på Stranda vidaregåande skule, vil selskapet flytte på. Les meir


Storfordnytt
Nr.8 Torsdag 25. februar

Singel – tvangsgift – skilt

– Eg er ikkje spesielt overraska over flørten til Frank Sve. Han er tru mot partiet sitt sentralt, men eg er overraska over at Sve ikkje nemnde Stordal kommune som ein mogleg partnar, seier Ole Johan Vidhammer. Les meir

Spanande musikalsk reise

Musikk frå heile landet varta dei opp med ungdoms-skulen i Valldal. For tiande gong var det kabaret, ikkje eit hakk dårlegare enn før om åra. Les meir


Storfordnytt
Nr. 7 Torsdag 18. februar

Martine til topps

HOMMELVIK: Stordals- og valldalsløparane gjorde sakene sine bra i Midtnorsk Mesterskap i Hommelvik i helga. Martine Lorgen Øvrebust var ei av dei som imponerte mest. 13-åringen staka inn til gull og blei midtnorsk meister på søndagens firekilometer. Les meir

Klagar på avslag om nydyrking

Svein Magne Jemtegård har søkt kommunen om å få dyrke jordbær på tre av teigane som høyrer til garden. Kommunen har sendt søknaden vidare til fylket, som etter si handsaming ikkje tilrår oppdyrking av Jamtekvisla. Les meir


Storfordnytt
Nr. 6 Torsdag 11. februar

– Ingen enkle løysingar

– Eg trur vi kan gløyme å finne enkle løysingar. Truleg treng vi mange løysingar. De må gjere eit val om korleis de vil drive, så får vi sjå på løysingane, sa Johnny Stølen frå Ålesund brannvesen i orienteringsmøtet med campingplasseigarar i Norddal. Les meir

Barnehagestemma

Claus Hoff påstar sjølv han har hatt barnehage-stemme heile livet, og at det kanskje er denne han får utløp for gjennom å synge i rockeband. Les meir

Storfordnytt
Nr. 5 Torsdag 4. februar


Storfordnytt
Nr. 4 Torsdag 28. januar

Ny lov, nye reglar

– Moral og norsk lov er to vidt forskjellige ting, seier næringssjefen i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug. Kraftsalva kom i samband med eit møte der grunneigarar vart orienterte om erstatnings-reglane i den nye naturmangfaldlova. Les meir

Samlingspunkt i 30 år

Fjellrosa barneforening på Eide har halde det gåande i 30 år. Det same har Lisen Eide, som starta foreininga og framleis er aktiv.Laurdag fekk både ho og dei andre mange godord under basaren, nummer 29 i rekkja. Les meir


Storfordnytt
Nr. 3 Torsdag 21. januar

Førskulelærarar på kurs

Førre onsdag var alle førskulelærarane i kommunen samla til kurs med kompetanseheving som tema. Les meir

Låg tillit til politikarane

Innbyggjarane i Norddal kommune har låg tillit til dei folkevalde og administrasjonen. Lågast er tilliten på sørsida av fjorden. Les meir


Storfordnytt
Nr. 2 Torsdag 14. januar

Klart for kulturmønstring

Søndag 14. februar er det tid for det årlege UKM i Stordal. 10. klasse oppmodar flest mogleg om å melde seg på. Les meir

– Fylkeskommunen avgjer

– Det er ikkje vi, men fylkeskommunen som styrer denne prosessen, seier Svein Ivar Aarskog i Fjord1 Buss Møre om framlegget til endringar i skuleskyssen. Les meir


Storfordnytt
Nr. 1 Torsdag 7. januar

Ti husstandar utan vatn

Måndag ettermiddag fekk Stordal vasslag melding om at vatnet var borte hos mange husstandar. Les meir

Stort renn i snøbyger

– Søndag var det Sparebanken Møre-cup på Valldal stadion. Fram til laurdag kveld preparerte arrangørane løypene med ikkje altfor mykje snø. Søndag snødde det heile dagen. Les meir