Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Handelen gjekk livleg hos dei aller fleste utstillarane.

 

Vellukka husflidsmesse

 

– Det blir ikkje sju år til neste gong, men allereie neste år, sa Oddbjørn Kleppe som var strålande nøgd med årets husflidsmesse i Valldal.

 

Britt Ingunn Maurstad
Torsdag 7. juli 2011

Sjølv ikkje ein sjeldant fin sommardag laurdag og Stordalscup same helga hindra folk i å ta turen til messe. Laurdag var det om lag 400 personar som hadde løyst billett for å gå inn, og søndagen låg an til å få nesten like godt besøk.
Fram til 2004 var husflidsmessa ei årleg hending, men så bestemte arrangøren seg for å ta pause. Og pausa skulle vise seg å vare i sju år, men i helga inviterte altså Norddal husflidslag til messe på Valldal samfunnshus.

Stort mangfald
Det nye husflidslaget har gjort i år, er å invitere også lokale produsentar av mat. Deira stands var godt besøkte, og publikum handla villig vekk. Eit anna vellukka grep arrangøren hadde gjort, var å ha eit stort mangfald med tanke på produkt. Her var alt frå vakre bilete i ull til meir tradisjonelt handarbeid og trearbeid til belte, glaskunst og mykje anna. Ein annan vri som viste seg å bli sett pris på, var barneaktivitetane. Aktivitetsrommet låg i tredje etasje og der fann eg Endre som var i full gang med å lage seg båt i tre. Han var så travelt opptatt med arbeidet at han igrunnen ikkje hadde tid til å slå av ein prat med avisa.
– Det er spennande at dei viser fram eit så stort mangfald av handverkarar og kunstnarar, sa Bjørn Helge Nygård som saman med kona Oddny hadde teke turen over fjorden for å gå på messe.
At arrangøren valde å ikkje skilje kafeen ut i eit eige lokale, men heller ha det i same salen som messa, gjorde messa til meir av ein møtestad enn den elles ville ha vore.

Ingen pause
Oddbjørn Kleppe er svært nøgd med årets messedagar og han slår fast at det ikkje vert ei pause på sju år til neste gong husflidslaget arrangerer messe. Faktisk tek dei sikte på ei ny meste allereie neste år.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no