

I Stordal bur det folk frå 21 ulike nasjonar. Laurdag vart det arrangert kulturfestival i Stordal, i regi av Barnas kommune. Inne i eit stort telt på kaia var det mange nasjonalitetar å finne. Dei hadde stilt seg opp med matrettar og ulike saker som er karakteristisk for deira land.
Folk strøymde til og frå, og smakte og lærte. Polen såg ut til å vere det landet som hadde flest representantar bak bordet.
– Dette er brød med salt og kvitløk, forklarer Erika Sutkiené og Sandra Ulbaité frå Litauen. No bur dei på Dyrkorn. Frå tidleg om morgonen laurdag hadde dei vore oppe og laga mange rettar flott presentert. Tilbakemeldingane frå smaksinteresserte var gode. Dei to litauiske jentene fortel at dei har vore med på noko liknande ein gong før, då på Vestens.
Betre kjende
Ordførar Charles Tøsse opna festvalen og takka for all velvilje frå dei ulike deltakarane som sa seg villige til å stille opp, trass i at det for mange var midt i ferien. Han kalla det ein open kulturfestival, der meininga var at folk skulle møtast, prate saman og verte betre kjende.
På plassen som representerte Thailand fan vi Nanthaya Nygaard frå Stordal og Ranthaporn Chobtham frå Ålesund. Dei serverte svinekjøt, grønsakblanding og ris tillaga på thailansk vis. Begge syntest dette var eit flott opplegg å få vere med på.
Unnur Baldvinsdòttir frå Island har budd på Øvrebust i nokre år og jobbar som vikar i barnehagen. Ho gjorde seg spesielt populært blant ungane med å servere fantastiske pannekaker.
Sarukesi Vasanthavasan hadde med seg både søtt og salt i tillegg til noko brukskunst frå Sri Lanka. Ho fortalde at ho hadde laga til dette saman med mor si.
– Vi er berre to i Stordal som kjem frå Kina, sa Kunyu Li. Saman med Xiao Shune serverte han ein typisk kinesisk rett i tillegg til å fortelje litt om heimlandet sitt.