Startside | Abonnement | Annonser | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 

 

 


Sidan det var haustferie, var Regine med mamma Bjørg Jacobsen på jobb på frivilligsentralen.

 

Vil skape julestemning

 

Et særs høgt aktivitets-nivå og ein leiar som alltid er open for gode idear, pregar Stordal frivilligsentral. No er det julemesse som er under planlegging.

 

Britt Ingunn Maurstad
Torsdag 13. oktober 2011

Det er ikkje den ting dei ikkje får til ved frivilligsentralen i Stordal. Samokaliseringa med ungdomsklubben ser ut til å ha vore eit smart trekk, for det fører til at lokala er i bruk heile veka gjennom. På det drøye året frivilligsentralen har vore i drift, har det kome til stadig fleire aktivitetar.
– Og no vil de altså arrangere julemesse?
– Ja, eg har fått mange ønske om det, og då var det ei lett avgjerd å ta, seier dagleg leiar ved frivilligsentralen, Bjørg Jacobsen.

Lenge sidan
I Stordal er det lenge sidan det har vore skikkeleg julemesse. Helselaget har tidlegare arrangert julemesse i Stordalshallen, og det har vore julemesse på Stampå ved Jøsvoll dei siste åra. Frivilligsentralen har vore i kontakt med desse i forkant, slik at ein ikkje “tek frå dei” arrangementet deira.
– Det er kjempepositivt at folk saknar det, og sett i lys av det, vonar eg det blir rett mange utstillarar som har lyst til å delta. Vi skal finne plass til alle, seier ho.
Det einaste ho no er redd for, er at dei utstillarane som naturleg hadde høyrt heime på ei slik messe, allereie skal ha “spikra” planane sine fram til jul.
Jacobsen vonar at det å skape god gammaldags julestemning med ei stor julemesse skal bli ein årleg tradisjon. Mange har allereie meldt seg som frivillige til å hjelpe til under sjølve arrangementet, og ho vonar at flest mogleg, både private og næringsdrivande tek kontakt for meir informasjon om julemessa.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no