

Grete Faremo sa at føremålet med besøket var å få snakke med folk som opplevde orkanen og ikkje minst dei som var med på hjelpearbeidet under og etter orkanen.
Ho kom til Stordal saman med fylkesmann Lodve Solholm og konstituert politimeister på Sunnmøre, Ingar Bøen.
I det dei kom til Stordal var eit firma i ferd med å heise opp katamaranen som hang på kaikanten etter å ha vorte hivd på land av bølgjene i stormfloa. På almenningen fekk ordførar Tøsse forklart kort om dei ulike skadene i området. Sjøen fløymde over heilt opp til riksvegen.
– Det var dramatisk då det stod på, sa Tøsse og peika mot handelslagshuset, der noko av taket hadde losna og fauk bort i huset på andre sida av vegen. Heile området ved sida av kaia i Stordal er plastra med naturstein, eit arbeid som no er øydelagt og vil koste mykje å få på plass att. Det er vasskadar på bygningar i sentrum og knuste vindauge. Nokre uthus har vorte tekne og fleire skogar er skadde. Tøsse sa at skadene fordeler seg over heile kommunen.
Camping
Etter ei kort orientering på almenningen, gjekk følgjet vidare bortover mot Stordal camping. Her kunne ein sjå mange velta tre og campingvogner som hadde fått skade. Justisministeren fekk møte Irma van Diepen og Hans Verwer som driv campingplassen, dei hadde aldri opplevd noko liknande, sjølv om dei kan oppleve sterk vind i heimlandet Nederland også. Hell i uhell var det at det ikkje var gjester på campingplassen i jula.
Samband
I Valldal vart følgjet med justisminister Faremo møtt av ordførar Bjørn Inge Ruset. Han tok dei med opp i Åsebakkane og fortalde om ein del av skadene som var registrerte, mellom anna fleire skadde campingvogner på Jemtegård. Ruset forklarte også om den døgnkontinuerlege overvakinga når det gjeld Åkneset og Heggurda.
– Vi er førebudde på dårleg ver, men vi var ikkje førebudde på at telenettet skulle falle ut, sa Ruset.
Han fortalde at på grunn av at telenettet var alt mykje vanskelegare. Einaste løysinga var å setje seg i bilen og køyre runt for å kalle inn kriseleiinga.
Ruset meinte at det må til ein gjennomgang av korleis ein kan sikre betre samband ved ein liknande situasjon. Her tenkte han ikkje minst på at basestasjonane må få lenger haldbarheit når straumen vert borte. Han hadde ein idé om at til dømes brannvesenet kan frakte og kople til nye batteri når desse har så kort levetid i forhold til lengre straumbrot slik det var første og andre juledag.
Norddalsordføraren fortalde justisministeren at i kommunen er det mange planar om utbygging av private småkraftverk, han bad om at desse får prioritet.
Teke ansvar
Justisminister Grete Faremo sa at ho syntest det var lærerikt å kome til området, både for å sjå på skadene og få meir informasjon om korleis beredskapen og hjelpearbeidet har fungert.
Ho sa at kommnane har teke ansvar på ein god måte.
– Vi må ta ein diskusjon med leverandørar av straum og telefoni for å finne ein måte som ivaretek eit tilstrekkeleg beredskapsapparat. Vi har vorte endå meir sårbare ved å gjere oss så avhengige av telefon, sa Faremo.
Ho undertreka at dette er eit arbeid ein må løfte opp og fram. Det er allereie eit arbeid å gang, som vart sett i verk etter flaumen på Austlandet.
– Vi kan sko oss betre, men vi kan ikkje sko oss for alt, kanskje kan vi sko oss litt annleis, sa Faremo.
Det gode naboskap
Fylkesmann Lodve Solholm sa at kommunane er godt budde og har god beredskap, men at dte er viktig å jobbe med det som ikkje fungerer. Her tenkte han spesielt på telenettet og at NRK P1 ikkje fungerte, slik at det ikkje var mulig å nå folk med viktig informasjon. Solholm sa at den jobben som har vore gjort i samband med Åknes/Tafjord Beredskap er viktig, desse beredskapsplanane kan også danne grunnlag for utarbeiding av planar andre stader i landet.
– Folket har vist det gode naboskap i denne situasjonen, noko som er heilt naturleg for dei, sa Solholm.