Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Rikeleg Råmjølk Raskast Råd er det som gagnar kalven best

 

Frøken Lykke kom til verda


Medan Storfjordnytt var på besøk i fjøsen til Kleivasida Samdrift før helga, fann ei lita jente ut at ho skulle sjå dagens lys for første gong.

 

Britt Ingunn Maurstad
Torsdag 12. januar 2012

Det var ku nummer 1093 som fekk sin første kalv som i ”systemet” fekk nummer 0022, men frøken Lykke er eit mykje trivelegare namn på ein slik liten ein. Så snart veslefrøkna var utkomen, vart ho teken frå mora og plassert i babyavdelinga i fjøsen. Der fekk ho eigen bås med rikeleg med halm å ligge på, varmelampe og det ho elles trengte. Mora vart raskt etter fødselen ført inn i mjølkestallen, dels for å få råmjølk til kalven og dels for å stimulere mjølkeproduksjonen frå starten av. Ku 1093 var noko skeptisk til å byrje med i mjølkestallen, men etter litt godsnakk frå Eldar Kleiva, roa ho seg og let seg mjølke.


Det er fascinerande å sjå korleis mjølkeroboten arbeider, for den gjer alt arbeidet sjølv. Først vert juret vaska, og deretter føler roboten seg fram til kvar spene og smokkar på sugekoppane, og dermed er mjølkinga i gang.
Råmjølka vert fylt på tåteflaske som vert frøken Lykke sitt første måltid. Ho var ikkje spesielt interessert i mat til å byrje med, men etter eit par timar med avslapping og tilvenjing til nye omgjevnader, så aksepterte ho tåteflaska. Det at kalvane ikkje alltid tek flaska med det same, er heilt normalt, men det er viktig at dei får i seg mjølk snarast råd. Dyrlege Gunnar Valdal har ei rettesnor i så måte, noko han kallar dei fire R-ane: Rikeleg Råmjølk Raskast Råd.
Råmjølka inneheld mellom anna viktige antistoff (immunoglobuliner) som gjer kalven motstandsdyktig mot sjukdom dei første vekene, og nok råmjølk av god kvalitet er heilt avgjerande for at kalven skal få ein god start i livet. Enkelte av antistoffa i råmjølka beskytter tarmslimhinna mot infeksjon, andre vert absorbert over i blodet og skal beskytte resten av kroppen. Denne evna til opptak av antistoff vert relativt raskt svekka, og det er derfor det er så viktig at den nyfødde får i seg rikeleg med råmjølk snarast råd etter fødsel, og helst innan to timar.


I fjøsen til Kleivasida Samdrift vert både store og små godt tekne vare på. Godt med fôr og lausdrift slik at dyra sjølve går i mjølkestallen og vert mjølka når dei føler for det, ser ut til å gjere at dei trivst, i tillegg til plenty av kos og godsnakking. Glade dyr produserer meir, og Kleivasida nærmar seg no den døgnproduksjonen av mjølk dei helst bør ha.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no