

Produksjonsselskapet bak dei tre ”Fritt Vilt”-filmane, Fantefilm, ønskjer å lage landets første sokalla katastrofilm, om kva som skjer når Åkneset rasar ut og forårsaker ein tsunami. Filmskaparane seier dette vil bli rein fiksjon, med eit realistisk bakteppe og trur filmen kan bli ein ny ”blockbuster”. Ideen har dei fått frå Tafjordulukka i 1934 og faren for skred frå Åkneset, som er ei svært sannsynleg framtidig hending her i området.
Fryktar for turistnæringa
Etter at Dagens Næringsliv laga sak om dette, har ikkje reaksjonane latt vente på seg, og reaksjonane er som venta svært delte. Mange er redde for at ein slik film skal skremme turistane vekk frå Geiranger. Spesielt administrerande direktør i 62 grader Nord, Terje Devold, seier til Sunnmørsposten at han trur det er ein reell fare for at ein slik film vil få negative konsekvensar for Geiranger, både når det gjeld turisme og næringsutvikling. Ein som kan hende sit enda nærare å meine noko om ein slik film, er hotelldirektør ved Hotel Union, Sindre Mjelva. Han seier til Sunnmørsposten at katastrofefilmar har vore laga tidlegare, og at denne vil vere omtrent like realistisk som at Manhattan skal bli dekt av is som i ”The day after tomorrow”. Mjelva meinar at filmpublikum vil forstå at det berre er eventyr.
Kostbart prosjekt
Andre igjen, synest prosjektet er spennande, og Fantefilm seier dei har fått mange positive tilbakemeldingar frå folk i området som synest ideen er spennande. ”Bølgen” er planlagt med eit budsjett på 50 millionar kroner, og Fantefilm har sendt søknad til Norsk filminstitutt om produksjonsstøtte på 15-20 millionar. Årsaka til at filmen vert så dyr, er at det vil vere ein utstrakt bruk av dataanimasjonar for å få bølgja og effektene av flaumen til å virke truverdig på filmlerretet. Terje Devold i 62 grader Nord seier til Sunnmørsposten at han trur det vil bli vanskelig å få realisert ein film med eit slikt budsjett her til lands, og vonar filmskaparane ikkje får det til.