

Ein generell bestemmelse seier at viltkjøt skal kontrollerast av veterinær. Med lokale tilpassingar av denne bestemmelsen er det no opna opp for at ein feltkontrollør kan gjere det same.
Kurset som vert arrangert av Skogbrukets kursinsitutt vender seg til erfarne jegerar som har erfaring med jakt og slakt. Av den grunn kunne Mattilsynet akseptere at kurset vart eit teorikurs som går over ein dag. Det er viktig at den «kompetente jegeren» har god erfaring med viltet sin atferd er og at jegeren har deltatt på slakting av minst 20 dyr.
Feltkontrolløren skal foreta ein uavhengig kontroll basert på bransjestandarden som er sett og at han skal sjå på seg sjølv som ein del av norsk kjøtkontroll. På denne måten vil kvaliteten og tryggleiken på omsetning av kjøt, og kjøt til eige bruk bli betre. Viltkjøtet vert lettare tilgjengeleg for vanlege forbrukarar og sporinga av kvar kjøtet kjem frå og kvar det har tatt vegen skal vere enkel og er ein del av intensjonen.
Med ein feltkontrollør i jaktlaget kan kontrollert kjøt omsettast til ein spisestad, eller liknande som foredlar kjøtet for sal eller servering. Dette kan vere med på å auke verdien på forvalting av viltkjøtet og det vil redusere arbeidsmengda og kostnader knytt til kontroll.