
Framme frå venstre: Ole Johan Vidhammer; Stordal kommune, Berit Fredriksen, Norddal kommune; Svein Runde, prost; Lars Kjell Smoge, Liabygda sokn; Ragnar Bakken, Ørskog kommune. Bak frå venstre: Kolbjørn Gjære, Ørskog sokn og leiar i fellesrådet; Kjell Rødven, Norddal sokn; Arne Skotte, Skodje sokn; Trond Otto Berg, Stranda sokn, nestleiar; Lars Maråk, Geiranger sokn; Knut Strand, Skodje kommune; Berit Tømmerbakke Hole, Sunnylven sokn.
Tidlegare var det eitt kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune i tillegg til eitt sokneråd i kvart sokn. Fire av desse var både sokneråd og fellesråd. No har fellesråda i dei fem kommunane Norddal, Stordal, Stranda, Ørskog og Skodje slått seg saman til Storfjorden kyrkjelege fellesråd.
I dette rådet sit folkevalde frå kvart av dei åtte sokna i tillegg ein representant frå kvar kommune. Dessutan er prosten medlem i fellesrådet.
Berre to andre stader i landet er dette gjort til no. Glomnes seier at dei har brukt mykje av det dei har gjort i Namdal som mal, der er det fire fellesråd som har slått seg saman, noko som har fungert sidan 2005. Sentralt i kyrkjerådet vert det arbeidd for at dette skal skje fleire stader i landet, Storfjorden kyrkjelege fellesråd ligg såleis i førekant av ei utvikling som vil kome.
Arbeidsgjevaransvar
Ei av dei største endringane med den nye ordninga er at arbeidsgjevaransvaret for kyrkjeleg tilsette er overført til Storfjorden kyrkjelege fellesråd, med unntak av prestane som framleis har bispedømmet som arbeidsgjevar. Storfjorden kyrkjelege fellesråd har dermed fått rundt 30 tilsette, men arbeidsoppgåvene er stort sett dei same.
Ester Walgermo er tilsett som ny kyrkjeverje, ho er også sekretær for fellesrådet. Dei andre tidlegare kyrkjeverjene er no rådgjevarar for kvar sine felt og administrasjonsleiarar på lokalt kyrkjekontor.
Det var dei fem kyrkjeverjene som har vore pådrivarar for å få til den nye ordninga, det er også dei som merkar dei største endringane.
– Vi har sett at det er ufornuftig at alle sit med dei same arbeidsoppgåvene på kvart sitt kontor. Det er administrasjonen som vert slått saman. Arbeidet ute i sokna vert som før, seier Glomnes og legg til at i staden for fem rekneskap, vert det no eitt stort og samla. Det er ein av gevinstane.
Glomnes har fått ansvaret for økonomi. Jan Olav Hesthaug, som er administrasjonsleiar i Stordal har fått ansvaret for administrasjon av kyrkjegardane, deriblant gravferder. Arnstein i Skodje har rådgjeving når det gjeld kyrkjebygningar medan Helge Breivik på Stranda har IKT i tillegg til ein del andre oppgåver.
Sokneråd
Tidlegare var dei lokale møta delte i to i dei fire eittsoknskommunane. Fellesråd og sokneråd var identisk, men med ein kommunal representant i tillegg i fellesrådssakene. No blir det eigne møte i dei ulike sokneråda, som har med kyrkjelydsarbeid å gjere, slikt som offer og barne- og ungdomsarbeid. Dei behandler ikkje saker som har med dei tilsette å gjere og har berre eit lite rekneskap. Dette vil styrke det lokale kyrkjelydsarbeidet. Sokneråda får framleis høve til å uttale seg om saker som skal behandlast i fellesrådet.
For publikum vert det ikkje store endringar. Det vert felles telefon for administrasjonen i fellesrådet, der folk vert sett vidare alt etter kva teneste dei er ute etter. Men dei vert framleis hjelpte med å ringe det lokale kyrkjekontoret.