Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Martine Lorgen Øvrebust
Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL, vann klassa J 15 år.

 

Mykje god idrett på Stordalsrennet


Svært god deltaking var det då Stordal IL arrangerte både sonerenn og kretsrenn på Stavsengfjellet i helga.

 

Britt Ingunn Maurstad
Torsdag 26. januar 2012

Det var ein super dag for skirenn, passeleg kaldt og fint vêr, og eit føre som ikkje skulle by på dei heilt store utfordringane for smørarane. Store og små hadde teke turen frå både bygdene rundt og endå lenger frå for å tilbringe dagen i flotte løyper på Stavsengfjellet, og det er tydeleg at Stordalsrennet er eit omgrep som over mange år har festa seg blant utøvarane i kretsen.

Klassisk stil
I år var stilarten klassisk, også i sonerennet som dagen starta med. Også her var det god deltaking, med så mange som 40 ungar under 10 år. Innsatsen var god og arrangøren heldt tidsplanen dei hadde sett opp ettersom alle dei minste greidde å gjennomføre runden sin og gå i mål i god tid før kretsrennet skulle ta til.

God innsats
Våre lokale deltakarar gjorde jamnt over ein fin innsats i kretsrennet, mellom anna vann Hallvard Lied frå Liabygda IL si klasse, og det same gjorde Trond-Marius Vad frå Valldal IL. I tillegg var det fleire pallplassar, mellom anna til Kristina Løvoll frå Eidsdal IL som vart nummer to i si klasse og Petter Elias Vestre Røkke frå Stordal IL som tok ein fin tredjeplass. Martine Lorgen Øvrebust var einaste som stilte til start i klassa J15. Tida hennar på 5 kilometer, 15.45, var faktisk betydeleg raskare enn alle dei andre deltakarane i dei eldre klassene for kvinner, som også gjekk 5 kilometer. Det viser at stordalsjenta er i ei klasse for seg. Lorgen Øvrebust seier til Storfjordnytt at det var eit heilt greitt renn, ho hadde gode ski og alt fungerte greitt.
– Det har vore ein flott dag for skirenn, ikkje for kaldt med ein temperatur som gjorde det enkelt å smørje ski, sa ho. Også veslesyster Vilde Lorgen Øvrebust, vann si klasse J12, heile 24 sekund raskare enn jenta på plassen bak.

Nøgd arrangør
Arrangørane er godt nøgde med talet på deltakarar og gjennomføringa av rennet. Når også vêret spelte på lag med temperaturar som gjorde det relativt greitt også for dei som preppa ski, så var det alt i alt eit vellukka arrangement – sjølv om premieutdelinga vart noko amputert grunna alternative ferjeruter som følgje av at Stranda-ferja var ute av drift.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no