

Totalt 34 deltakar i hopp og 12 deltakarar i kombinert konkurrerte i dei fem hoppbakkane. Største delegasjonane kom frå Molde og Omegn Idrettsforening (MOI) med 17 deltakarar og Stordal med 10 deltakarar. Elles stilte både Liabygda IL, Blindheim IL, Veten IL, Sykkylven IL, Velledalen IL og Hornindal IL med startande i rennet.
Krinsmeistrar
Det vart kåra seks krinsmeistrar i hopp, og tre i kombinert.
I hopp: Jenter 13 år; Eva Nerbø Ødegård frå MOI
Jenter 14 år; Ida Røvik Oterhals frå MOI
Gutar 13 år; Petter Løset Skodjereite frå Stordal IL
Gutar 14 år; Øyvind Straumsheim frå MOI
Gutar 15 år; Rishi Vellupillai frå Liabygda IL
Menn senior; Joakim Helland fra Stordal IL
Kombinert
Gutar 13 år; Petter Løset Skodjereite frå Stordal IL
Gutar 14 år; Alexander Røshol Johnson frå MOI
Menn senior; Terje Bergset frå Blindheim IL
Beste
Dagens beste poengsum oppnådde 15-årige Rishi Vellupillai frå Liabygda, med to hopp på 64 og 67 meter og totalt 219,6 poeng i K66.