Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Ein vaksen matpakke og mobiltelefon er trufaste med når Harald Starheim er ute på jobb i distriktet.

 

Lokale rørleggarar i nytt firma


Det har vore ei stor utvikling i rørleggarfaget dei seinaste åra, og for å førebu seg på framtida har tre rørleggarar gått saman om eit nytt firma.

 

Alfred Nilsen
Torsdag 2. februar 2012

På eit kontor i tredje etasje i næringsbygget i Stordal sit Bjørn Ove Olsen med papir og datamaskin og arbeider i det nye rørleggarfirmaet, som har fått namnet Sunn Rør AS.
– Du kan legge kva du vil i namnet, smiler Bjørn Ove, men Sunnmøre og kanskje berre sunn er heilt klart i tankane deira.

Hadde ein idé
For å møte den nye tida og kunne vere konkurransedyktige på mange vis har dei no fleire kompetansenivå å spele på. Bjørn Ove Olsen er ingeniør i faget og kjem frå jobben som prosjektleiar i YIT i Ålesund.
Olav Ekornes har arbeidd som rørleggar i mange år og dei seinaste fem åra har han leigd ut arbeidskrafta si til større firma. No er han med i det nye firmaet som i oppstarten vil ha fire tilsette. Det var Harald Starheim som tok initiativet og han har gått med ideen ganske lenge. Det var berre for han å finne aktuelle samarbeidspartnarar.
– No er vi fire personar som kan utfylle kvarandre med ulik kompetanse og som kan vere operative frå fleire plassar, seier Harald Starheim.

Nye krav
Ein rørleggar i dag får fleire oppgåver når nye hus og bygningar skal byggast. Krav til oppvarming og energiforbruk ber om nye løysingar. Det er spesielt vassboren varme som krev mykje planlegging og røyr.
– Det er mange nye og gode løysingar som krev at vi som fagfolk følgjer med i tida, seier Bjørn Ove Olsen.
Sjølv om dagens rørleggar ikkje kjem unna å bruke røyr av kopar og stål, har plasten tatt over mykje, då spesielt i bustadhus. Det er då plastrøyr i plastrøyr som er den nye standarden, der kvart punkt for eit eige røyr der det ikkje er forgreiningar undervegs.

Den lokale rørleggaren
Dei vil framleis vere den lokale rørleggaren, for sjølv om dei går saman i eitt firma skal dei framleis dekkje dei behova dei tidlegare har gjort.
– I tillegg kan vi gå saman om det er større jobbar, og med Bjørn Ove Olsen sin kompetanse kan vi òg ta på oss litt andre type jobbar enn akkurat utførande rørleggararbeid, seier ein engasjert rørleggar frå Valldal.
Litt spent på korleis det nye firmaet blir mottatt er dei nok, men dei kjenner seg trygge og gler seg til tida som kjem. Det var like før jul dei kom i gang og no jobbar alle for fullt for det nye firmaet.

Skule og kafé
Starheim har arbeidd som rørleggar i området i 29 år og den dagen eg treff han er han på Gudbransjuvet og kontrollerer anlegga på kafeen.
– Eg er her framme om lag ein gong kvar månad for å kontrollere, seier han.
I Stordal er Olav Ekornes i aktivitet på den nye skulen dei bygger der.
– Her er det mykje som skal gjerast og akkurat no er det hovudleidning for vatn eg driv med, seier Olav Ekornes.
Han kjem nok til å vere i det bygget ei stund, noko han likar godt, for då får eg arbeidd effektiv og så veit eg kva eg skal jobbe med kvar dag, legg han til.
I tillegg til at dei får eit større kompetanseområde å spele på, får dei òg eit miljø dei kan utvikle seg i. Men dei møtast ikkje kvar dag og er til vanleg operative med eigne bilar med kvart sitt utgangspunkt.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no