
Gruppa på åtte personar var akkurat passe stor, og dette var ei lydhør og konsentrert forsamling.
Kurset går over fleire kveldar, og Storfjordnytt kom på besøk den andre kurskvelden. Godt humør, og evna til å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, råda blant deltakarane. Forkunnskapane varierte, men dei aller fleste var ganske ferske databrukarar. Seks av dei åtte på kurset var damer og kursleiar Bjarne Johansen hadde ein teori om kvifor det er mest damer som melder seg på slike kurs, nemleg at damer lettare enn menn innrømmer at det er ting dei ikkje kan og dermed treng å lære.
Kjend med maskina
Deltakarane hadde rigga seg til med eigne eller lånte maskiner og hugsa forbausande godt kva dei hadde halde på med gongen før. I løpet av kurset skal Johansen lose dei gjennom det mest elementære ved bruk av ei datamaskin. Første kvelden hadde dei nytta til å bli kjent med maskina, tastaturet og å ta seg fram på maskina. Skrive litt hadde dei også gjort og lært å lagre i ei mappe dei hadde laga seg for føremålet. Denne kvelden skulle dei finne att dokumentet dei hadde laga førre gongen og skrive vidare på det for å bli betre kjend med tastaturet og øve seg på å finne att og lagre dokument. I tillegg snakka Johansen litt om fordelen med å dele harddisken inn i fleire delar, såkalla partisjonar. Litt problemløysing var dei også innom, mellom anna kva dei skal gjere når maskina henger seg opp. Av-knappen var freistande for dei fleste, men dei lærte at det finst andre måtar å løyse opp på.
Johansen samanlikna databruk med det å sykle; har du først lært det, så sit det der. I tillegg var damene var flinke til å finne forståelege knaggar å henge kunnskapen på. Til dømes, for å finne teikn på tastaturet som til dømes utropsteiknet, så må dei opp i ”trappa” – og trappa, ja det er shift-knappen.
Det sosiale viktig
Det sosiale med å vere på kurs, er like viktig som kurset i seg sjølv. Og kveldens høgdepunkt er kaffipausa der praten går om laust og fast. Slik sett er det også greitt å vere ei lita gruppe og å ha kurset på frivilligsentralen i Stordal, alle får plass rundt sofabordet. På spørsmål om kurset har vore bra så langt, nikka alle bekreftande, og alle gledde seg stort til neste kurskveld. Då ber det nemleg ut i den store verda, når Johansen tek dei med ut på internett.
Fleire kurs
Interessa for kurset var stor, og det var fleire påmelde enn det var plassar. No heng det plakatar rundt om, både i Stordal, i Norddal og i Ørskog der nybyrjarar som kan tenkje seg å lære meir, vert inviterte til å melde seg på. Har du også lyst, er det berre å ta kontakt med Anna Margrethe Drægebø Moe. Mental Helse Stordal skal arrangere fleire kurs utover våren. I samarbeid med Norddal Husflidslag skal dei arrangere to kurs i biletbehandling, eitt for nybyrjarar og eitt for vidarekomande. Bjarne Johansen vert kursleiar også på desse kursa.