

Det er i alt 82 medlemmer i marinaen og om lag 60 av dei har båt liggande. Alle laget sine medlemmer får ei ekstra utgift på 3.000 kroner på grunn av ubetringane, dugnadstimar vert trekt frå.
Oppdrift og stabilitet
Det er Marina Solutions AS som leverer bryggene og utriggarane og som står for monteringa, dei held til på Eidsnes. Alt stålet kjem frå Tyskland, medan oppdriftstankane kjem frå Åndalsnes. Sjølve bryggene vert 50 centimeter breiare enn tidlegare og utriggarane vert òg større.
– Alt vert mykje betre no, både stabilitet og oppdrift, seier leiar i Valldal Marina, Lars Kjell Smoge. Kostnaden på heile hamna vert om lag to millionar kroner, og då kjem moms i tillegg, noko dei reknar med å få tilbake halvparten av. Det gamle utstyret på småbåthamna er om lag 30 år gammalt og klart til å skiftast ut. Det beste av det gamle anlegget har firmaet som monterer, kjøpt, medan laget har budsjettert med null kroner akkurat der.
Midlar
Dei har finansiert herlegheita med lån, og så vil dei søkje om midlar frå Næringsfondet i Norddal kommune i tillegg til ein søknad om midlar til både Sparebanken Møre og forsikringsselskapet Gjensidige. I sjølve hamna vert det om lag same møblering som før, men nokre meter meir med brygge vert det. Brygga nærast land har vore tilpassa rørslehemma og no skal òg gjestebrygga verte det. Gjestebrygga skal òg på sikt få tømmeanlegg for septik, noko som vil vere med å lage hamna i Valldal meir attraktiv, seier leiaren i laget.
Montering
Jan Vidar Borge er monteringsleiar i Marina Solutions AS og han seier arbeidet går akkurat som venta. Han er godt nøgd med den plassen dei har til monteringa og reknar med å vere ferdig om 14 dagar. Sist laurdag var det stor dugnad samstundes som det var dykkarar og rydda opp på botnen. Då var det bort med gammalt tau og kjettingar og gamle lodd. No skal nye plog-lodd på plass og kvart av dei er 1.800 kilo og laga av betong. Sjølve bryggene er av galvanisert stål med kanalar i midten som har tredekke. I desse kanalane skal dei ha straumkablar, og vatn og lysstolpar vert òg montert.