Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Norddal kommune har tilbod om å kjøpe prestegarden for 1,6 millionar kroner frå Opplysningsvesenets Fond.

 

Vil eige og utvikle prestegarden

 

The Happy End og Stiftinga Paktarstova i Norddal ser føre seg at Norddal kommune kjøper prestegarden i bygda, slik at dei kan bruke han i samband med verdsarv og bygdeutvikling.

 

Randi Flø
Torsdag 16. februar 2012

I starten av kommuenstyret torsdag orienterte Petter Melchior og Ingvild Nystad om planane dei har for prestegarden dersom dei får hand om han.
Ingvild Nystad har vore prosjektleiar i Paktarstova i tre år, dei to siste åra med fokus på verdsarv og bygdeutvikling. Ho viste bilde og fortalde om ulike aktivitetar dei har hatt i samband med Paktarstova siste åra. Ho viste mellom anna til seminar, konsertar, juleverkstad, fototutstilling og eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarar og skuleelevar.

Heilskap
Nystad meinte det er viktig å sjå på Norddal prestegard som ein heilskap. Det er no Stiftinga Paktarstova som eig løa og paktarstova, medan Opplysningsvesenets Fond eig prestebustaden. The Happy End og stiftinga Paktarstova ønskjer at stiftinga skal få kjøpe prestegarden gjennom Norddal kommune, og at kommunen betaler.
Nystad meinte dette kan vere eit utgangspunkt for pilotarbeid, garden ligg ved innfallsporten til verdsarvområdet, akkurat ved inngangen til Herdalen.
Paktarstova har motteke 127.500 kroner frå Norddal kommune, noko Nystad viste til har utløyst endå større tilskot frå andre offentlege institusjonar, på i alt 1,26 millionar kroner.


Bruk
– Kva treng vi prestegarden til? spurde Nystad og svarte at dei ønskjer å ta vare på desse heilskapsverdiane for ålmenta. Skape fleire bustader, skaffe fleire folk, skape næring, styrke verdsarvfilialen og sikre vidare berekraftig arbeid var nokre av stikkorda. Samstundes vil dei vidareføre strategien til The Happy End og Stiftinga Paktarstova med prosjekt verdsarv og bygdeuvikling.
Ho snakka også om pilotarbeid med lokale råvarer og ressursar som grunnlag.
Prestebustaden kan verte bustad for prøvearvingar. Dei må søkje om å få bu der, dei må gjere ein avtale og vere med på å vidareutvikle prosjektet verdsarv og bygdeutvikling.
– Det er mange som siklar etter å få bu der, sa Ingvild Nystad og såg føre seg ei nasjonal utlysing av bustadtilbodet med ein tidsavgrensa leigeavtale.
Verdsarvbustad
Ingvild Nystad informerte også om prosjektet verdsarvbustad, eit samarbeid mellom arkitektforeininga og Stiftinga Paktarstova. Dette skal vere eit berekraftig bygg, etter ønskje frå bygda og bruk av lokale ressursar. Det skal vere ein arkitektkonkurranse no i vår, der arkitektforeininga tek hand om prosjektet.
Nystad sa at dei også vil arbeide for å auke og synleggjere verdien av dei husa dei har i bygda. Det er mange tomme hus samstundes som det er mange som vil flytte til bygda. Her ser dei føre seg eit samarbeid med Norddal kommune.
– Vi håper at heile prestegarden kan verte ein stor verdsarvverkstad, sa ho og kom med døme på aktivitetar som seminar, møteplass, samarbeid mellom kunstnarar og elevar, barneleir i regi av Ålesund kommne, konfirmantleir.
Av vyane dei har er det å verte ei grøn bygd, ein del av eller ei forgreining av grøn fjord.

Positive
Formannskapet i Norddal behandla saka på møtet måndag. Norddal kommune har fått tilbod om å kjøpe eigedommen frå Opplysningsvesenets fond til takst. Dette inkluderer våningshus på over 400 kvadratmester, stabbur, uthus, garasje og om lag tre mål tomt. Taksten er på 1,6 millionar kroner. Kommunen har svarfrist til 20. mars. Om kommunen takkar nei til tilbodet, vil eigedommen bli lagt ut på den opne marknaden. Andre interessentar har meldt si interesse for å kunne overta eigedommen.
Resten av området med løe og paktarstove er det Stiftinga Paktarstova som eig. Det var Norddal kommune som i si tid kjøpte denne eigedommen også, og den vart overført til den nyoppretta stiftinga i 2007.
Formannskapet stilte seg positive til kommunen skal kjøpe og at dei lokale interessentane skal få overta resten av prestegarden, ein del formalitetar må først avklarast.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no