Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Mathilde Vinje Øvrebust gjekk vidare til fylkesmønstringa med songen "The Moon Is a Harsh Mistress".

 

Stor interesse for unge uttrykk

 

10. klasse var arrangørar av ungdommens kulturmønstring i Stordal sist søndag. Med den hjelpa dei trengte frå vaksne hadde dei laga eit flott arrangement.

 

Alfred Nilsen
Torsdag 16. februar 2012

Med 16 sceneinnslag i tillegg til utstilling var det mykje som skulle klaffe for å gjennomføre alt saman på to timar. Dei hadde ikkje rydda bort scena frå dagen før og lyden og lydmannskapet frå Stranda var heller ikkje rydda bort. Dei var kjekke å ha.

Rytme og driv
10.klassingane starta like godt søndagens UKM ein time før med herleg kakebord og morsdagskafé. Klokka seks starta dei og dei to flinke programvertane tok oss til dei ulike bidraga frå scena med stor ro og tryggleik. Morosame var dei òg.
Den eine etter den andre kom dei engasjerte ungdomane på scena og song songane sine. Mange akkompagnerte seg sjølve og alle saman song songar som andre hadde laga. Åtte innslag frå scena rakk dei før pausa med kaker, kaffi og slikt.

Første gongen
For nokre var det første gongen dei opptredde og andre var meir van med det. Jentene var sjølvsagt i fleirtal, men som programleiarane nemnde, så kjem gutane etter og tør å stå aleine på scena med ein gitar å halde i. To band var representerte og i dei var det berre gutar. I utstillinga var det ikkje teikningar eller anna, men fotografi det gjekk i. – Eg lurer litt på kvifor ikkje dei kunne vore vist på scena i tillegg til sjølve utstillinga? Det gjekk ikkje lange tida før det var aktivitet frå scena att og nye talent synte fram kva dei hadde øvd på og kva dei held på med. Arrangørane hadde vore flinke og alt gjekk etter planen og klokka åtte var dei så godt som i mål. Dei som skulle takkast vart takka og alle deltakarane fekk diplom og ein pose med mykje kjekt i. Juryen har nok ein tøff jobb med å velje ut vinnarar blant alle deltakarane.

Til fylkesmønstringa
Desse tre sceneinnslaga gjekk vidare: Klikken med venner, Mathilde Vinje Øvrebust og Virusha Naguleswaran.
I tillegg var det to fotografi som skal ut av kommunen, og desse var: Sarukesi Vasanthavasan med ”Orkanen” og Trine Øvrebust med ”The Beuty of Spring”.

Fleire bileter frå mønstringa i Stordal

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no