Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Venneforeininga meiner kaihuset i Fjørå er ein del av heilheita i bygda og må takast vare på.

 

Vil vere med inn i framtida

 

Kaihuset i Fjørå stod i fare for å bli rive. Men det var for gale, syntest nokre. 13. januar dette året stifta dei Fjørå kailags venner.

 

Alfred Nilsen
Torsdag 23. februar 2012

Då vegen kom til Fjørå i 1974 vart kaianlegget ikkje lenger brukt. Sidan den gongen har kaia og huset sakte forfalle.

Historisk viktig
13. mars 1909 vart Selboskarbydga kaiaktieselskap stifta og i møteprotokollane kan ein lese seg til at dette var eit viktig lag. Det var kaia som var kontakten med omverda, der frukt og andre landbruksvarer vart skipa ut. Dette var plassen fjorddampen kom til med det folk trengde. Interessa for kailaget var stor og i protokollane kan du lese korleis gåvene strøymde inn. Mange av dei som hadde reist ut, til mellom anna Amerika, sende små og store gåver til kailaget. Noko sende dei med brev, andre fekk dei av dei som for i mellom verda og den vesla bygda.
– Det er utruleg kjekt å lese i dei gamle protokollane, Det er rett gode formuleringar i tillegg til at språket er presist, så dette var noko dei tok på alvor den gongen, seier Lars Selboskarl.
Gustav Korsnes var ein som flittig skreiv i protokollane.
Det var handelsmannen Fjørå, Lars Nerhagen, som i tid tok initiativet til å starte laget. Det tok eit år frå ideen var der til kaia stod ferdig. Steinen til sjølve kaia fekk dei frå Oksneset.
– Der hadde fjellet fin gang, slik at det vart forholdsvis lett å lage stein til å mure med.

Styret
Det var i april i fjor at dei sette i gang arbeidet, og Lars Selboskar fekk med seg Magne Almstad og Rolf Nerhus i styret.
Seinare har om lag ti personar meldt seg inn i laget og fleire vil det bli, seier Lars og smiler.
Han vende seg til Norddal kommune på fleire nivå, hos kulturavdelinga og rådmannen, utan å få noko tilbakemelding eller interesse frå den kanten. Han enda opp med å ta personleg kontkant med Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv som straks fatta interesse. No har stiftinga vore hjelpsam med ein søknad til fylket om midlar.

Eigenkapital
Lars er pensjonist og kan like gjerne bruke noko av tida si på noko som er så interessant. Han har kontakta både bankar og forsikringsselskap i tillegg til stiftingar og nasjonale foreiningar der ein kan søkje om midlar, og fleire har vore positive, og i dag står det 130.000 kroner på kontoen. Sist veke var ein arkitekt frå fylket på vitjing for å orientere seg. Søknaden om midlar til fylket reknar dei med å få svar på dei næraste månadene.

Det som trengs
Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv går inn med kapital som dekkjer administrasjon og planlegging. Det som må gjerast i første omgang er å setje i stand huset. Kaia skal dei ta fatt på seinare.
– Det som er viktig for oss no er å få på plass eigarforholdet. Eigararforholdet har ikkje vore skriftleg tidlegare, så no vil grunneigarane Petter Vikene og Kåre Nerhagen gi grunnen til kailaget kostnadsfritt. No er det opp til Norddal kommune å få gjort nødvendige oppmålingar slik at vi kan få på plass den biten.
– Det viktige med å få dette på plass, er fordi vi søkjer om midlar, og då må helst slike ting som eigarforhold vere klargjort. Kva som gjer at Norddal kommune drøyer med akkurat dette, veit Lars Selboskar ingenting om.

Innhald
På spørsmål om kva dei vil bruke huset til, seier Lars at i første omgang vil dei leige ut litt av det til lager slik at dei har inntekter til vedlikehald. Fjørå helselag har ein del historiske ting lagra der, så kan hende dei kan fylle litt av huset med den historia som er knytt til kaihuset og kaia. Det huset som står der i dag er slik det såg ut før bølgja tok det i 1934. Huset vart bygd opp att så raskt det var råd. No vil dei tilbakeføre huset til slik det såg ut den gongen. Det er ikkje så mykje som skal til for å få det til, men på kaia er det ein del som må setjast i stand.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no