Startside | Abonnement | Annonsar | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 


Det vert papirlause poilitiske møte i Stordal.

 

Inga usemje om nettbrett


Storfjordnytt har tidlegare skrive om Stordal formannskap sitt vedtak om å bli papirlause. I førre veke var saka til handsaming i kommunestyret. Sjølv om ingen var imot, så vart det ein artig debatt likevel.

 

Britt Ingunn Maurstad
Torsdag 23. februar 2012

Etter at ordførar Charles Tøsse (H) hadde rekapitulert noko av det som vart sagt då Ann Mari Abelvik orienterte formannskapet om Ørskog kommune si omlegging til papirlause politiske møter, var diskusjonen i full gang i kommunestyret.

Ønskjer papir
– Då eg las dette i Stofjordnytt, var eg i ferd med å finne fram blyant og papir og skrive avskjedssøknaden min. Men så såg eg at Eva Hove hadde fått inn ei formulering om at det inntil vidare skal vere høve til å få sakspapira på papir, og då vart eg beroliga. ”Inntil vidare” er vel ei passande formulering for meg, sa Ole Johan Vidhammer (Ap).
Han kommenterte også argumentet med å spare miljøet og påpeikte at det vel aldri har vore produsert så mykje papir som no i dataalderen.
– Eg har bestemt meg for at eg ikkje skal bruke resten av livet til å stirre på ein skjerm, men eg skal no ta imot brettet viss eg får. Men eg vil ha notert at eg ønskjer papir. Du kan jo kalle det for backup, sa han.
Jan Are Remme (H) sa han hadde respekt for mykje av det Vidhammer sa, men ville gjere seg til talsmann for den andre sida.
– Skulle berre mangle så ung som eg er. Det å endre måte å jobbe på, er hardt, men eg synest faktisk å skimte ei framtid med litt mindre papir, sa han og ga til kjenne at han ville støtte framlegget om innkjøp av nettbrett.
– Det gjer Ole Johan også, sjølv om han vil ha den alternative løysinga, og det er heilt greitt. Eg er oppteken av at dette utgjer ei innsparing. Og for å vere dønn ærleg, så er eg ikkje spesielt glad i papir, sa han.
Remme tok også opp spørsmålet om eit eige nettbrett til første vara i høgregruppa, med grunngjeving med at med ei så stor gruppe, så vil vedkomande nesten alltid vere til stades.
– Eg var så sikker på at Remme skulle meine at med ei så stor gruppe, så måtte to og to dele og sjå saman, var Eva Hove (Ap) sin replikk til det.

Spørsmål om økonomi
Jonas Falch (Frp) har sett iPad i bruk i nabokommunen Ørskog, men har sett med gru på eit slikt tiltak i Stordal på grunn av synet.
– I ettertid har eg blitt meir klarsynt, så det skal nok gå. Og i Ørskog er det jo slik at varaene får låne slike brett til møte, sa han.
Per Ivar Skodjereite sa han vart litt snurt og ikkje minst, overraska, då han oppdaga at formannskapet skulle få ei orientering frå Ørskog kommune og ikkje kommunestyret. Han meinte han derfor hadde avgrensa grunnlag for å gjere ei vurdering i saka.
– Eg synest sakshandsaminga burde ha synleggjort meir kva som kan sparast ved ei slik omlegging. Eg er ikkje utprega brukar av usosiale medier, og har ikkje kjennskap til slike brett, men eg skal nok greie å bruke det, sa han.
Skodjereite stilte også spørsmål om kommunestyrerepresentantane vert fordelsbeskatta ved å disponere noko slikt. Rådmann for dagen, Tine Steinset, kunne fortelje at det å disponere sjølve nettbrettet ikkje utløyser fordelsbeskatning, men derimot dersom kommunen skal dekke abonnementskostnader til internett heime hos representantane, så må dei skatte av det.
– Kva treng vi for å bruke ein slik, må vi til dømes ha abonnement, spurte Skodjereite.
– Ein må ha internettabonnement for å kunne lese epost på nettbrettet. Men for dei som ikkje har internett heime, så kan dei kome ned på kommunehuset og laste ned saksdokumenta der, for når dei først er lasta ned, så treng ein ikkje nettilgang for å lese dei, sa Steinset.
Ordførar Charles Tøsse (H) kommenterte dette med lønsemd og meinte det også er eit argument at dei tilsette på servicetorget sparer seg arbeid med denne type investering.
– Eg trur at dei på servicetorget har veldig mykje anna fornuftig arbeid å gjere, så ingen vert overflødige ved denne omlegginga.
Skodjereite meinte at alle desse tinga burde ha stått i saksutgreiinga, for då var innsparingane betre dokumentert. John Helge Larsen (Ap) har tidlegare kommentert dei enorme bunkane sakspapira utgjer, og meinte at det i så høve er ein bakdel med å gå over til elektroniske dokument.
– Det er dokumentert at vi les 30 prosent langsommare på skjerm enn på papir, så om vi samstundes kunne fått redusert talet på sider, hadde eg sett pris på det. Elles ser eg fram til å kunne ta med dokumenta elektronisk, sa han.

Samrøystes vedtak
Etter ein lang og tildels munter debatt der eigentleg ingen var imot innføring av papirlause politikarar, vart det røysta over framlegg til vedtak. Dermed var det eit samrøystes kommunestyre som sluttta seg til innstillinga frå formannskapet om å gjere stordalspolitikken papirlaus.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no