Startside | Abonnement | Annonser | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 

 

 


Sivert Blindheim, Henrik Bondevik, Kristina Malene Ravn Stavseng og Oda Kvalsvik Stenberg opna med musikk i Rosekyrkja jonsokaftan.

 

Mange talent, stor breidde


Kyrkjehola opna sesongen med ein støttekonsert til 22. juli-fondet og elleve talentfulle ungdommar spelte musikkstykke for å vise sin solidaritet med dei ramma.

 

Alfred Nilsen
Torsdag 28. juni 2012

Utgangspunktet for inspirasjonen til konserten var diktet “Definisjon av Josefa Murillo”. Frå same diktet var tittelen henta; ”Kjærleiken er ei tåre…” Og før noko anna skjedde i kyrkja Jonsokkvelden, spelte fire ungdomar eit fint stykke musikk.

Kulturpris
Han hadde fått førebudd seg godt og pussa skoa, sa Odd Johan Overøye da han mottok kulturprisen 2011 frå Stordal kommune.
– Ein vel fortent kulturpris som det passar godt å dele ut i dag, sa ordførar Charles Tøsse og la til at Odd Johan Overøye er ein person med opphav i Stordal som kjem attende og lagar stor kultur i kommunen.
Kulturprisvinnaren takka ved å rose kommunen for arbeidet dei gjer, for dei må ha gjort noko rett, var orda han brukte.
I tillegg takka han det flotte laget som Kyrkjehola kulturbeite er og personane som er med og som tek ideane han kjem med ned på jorda.

Kulturbeite
Eva Vinje Aurdal opna Kyrkjehola kulturbeite 2012 og ho minte oss på kva enkelte har gått gjennom den siste tida og kor viktig det er å vise solidaritet og støtte til desse.
– Ungdomane er framtida vår, avslutta ho.
Så var det ungdomane sin tur og med speleglede og kunnskap på instrumenta sine fylte dei kyrkja med varme og musikk under leiing av Odd Johan Overøye, til glede og trøyst for alle som var tilstades. Det vart framført både viser, jazz, klassisk musikk og smakebitar frå musikalar denne kvelden. Billettinntektene denne kvelden går uavkorta til 22. juli-fondet.

Kyrkjehola
Det er mykje flott på programmet til Kyrkjehola Kulturbeite vidare i sommar. Konsertopplevingane står i kø og det er berre å ta av seg hatten for det som er blitt til gjennom satsinga på kultur i Kyrkjehola i Stordal.

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no