

Eit tjuetals personar hadde funne vegen til Paktarstova denne solfylte junidagen då Stiftinga Paktarstova saman med Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Prosjekt VERDsARV & BYGDeUTVIKLING hadde invitert folk som arbeider med eller er opptekne av landbruk, miljø, kultur, bygdeutvikling og verdsarv til å ta del på seminaret ”Å bu på bygda-noko for framtida?”. Seminaret markerte samstundes starten på det årvisse Midtsommardag-arrangementet i Norddal.
Må utnytte utmarksbeitet
Bente Lorentzen, prosjektkoordinator i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) innleia seminaret med eit foredrag om utviklinga i norsk landbruk dei siste tiåra.
Ho fortalte at i perioda frå 1969-2010 har det gått føre seg ei strukturrasjonalisering av landbruket. Det vil seie at det har vorte færre og større bruk, noko som har ført til endringar i korleis ressursane blir brukt.
– Det samla jordbruksarealet er det same, men det har vorte mindre av det fulldyrka arealet, sa Lorentzen, som opplyste om at NBS er kritisk til denne utviklinga, der ein del av produksjonen har vorte flytta til utlandet.
Ein måte å førebyggje dette på er å bli flinkare til å utnytte dei ressursane som finst på utmarksbeite her i landet.
– Her er det eit betydeleg potensiale, sa Lorentzen.
Etter ein god matpause der det vart servert lokale produkt frå Melchiorgarden heldt seminaret fram utandørs.
Rekrutteringsarbeid viktig
Så korleis skal ein gjere det attraktivt å busetje seg på landet?
Her informerte Bente Lorentzen om eit nasjonalt samarbeidsprosjekt NBS har starta opp i samarbeid med Natur og Ungdom og Bygdeungdomslaget. Dette prosjektet har fått namnet ”Slipp oss til – ungdom inn i landbruket”. Målsetjinga er å auke rekrutteringa til landbruket, leggje til rette for miljøvennleg matproduksjon og å styrkje livet på bygda.
I Norddal spelar organisasjonen The Happy End ei viktig rolle i arbeidet med å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda, mellom anna gjennom den planlagte byggjinga av ”Verdsarvboligen”, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Arkitektforening (avdeling Møre og Romsdal), Stiftinga Paktarstova, The Happy End og ”Fremtidens bygder”.
Som eit ledd i å rekruttere nye innflyttarar til bygda ynskjer prosjektleiar Ingvild Hansen Nystad i Stiftinga Paktarstova å kome i gong med ei ordning som har fått namnet ”Prøvearvingen”.
– Denne ordninga skal profilerast nasjonalt og tanken bak er å få folk til bygda som skal prøve å bu først før ein flyttar hit, mellom anna gjennom “å bli sett på prøve” av dei som allereie bur her, opplyste Hansen Nystad.