Nytt av gammalt

Emilie Dyrvik Homlong med gammalt og nytt. Foto: Ingeborg Refsnes

Niande og tiande klasse ved Eidsdal skule har gjennom skuleåret hatt valfaget design og redesign. Dei har arbeidd med mange ulike materialar og den seinare tida har dei drive mest med tekstilar.

Av gamle klede dei har teke med seg heimafrå har dei skapt noko nytt i sin smak.

Utfordrande

– Elevane har måtta utfordre seg sjølve til å vere oppfinnsame innanfor dei rammene dei har fått. Gjenbruk og nøysemd har vore rammene som har utfordra kreativiteten deira, seier Synnøve Hollum Relling. Ho har vore læraren deira dette året og det er første året dei har hatt dette valfaget på skulen i Eidsdal.

Dei sju jentene som har valfaget fekk ein invitasjon til å samarbeide med Stiftinga Paktarstova og Grøn bygd i Norddal, Severinbrauta i Eidsdal og klosteret på prestegarden i Norddal. I tillegg til desse aktørane er kostymedesignar, fotograf og stylistar med. Alle stiller dei opp utan anna godtgjersle enn stor entusiasme og interesse for prosjektet.

På systua

Saman skal dei nytte antrekka som elevane sjølve har laga på skulen og klede som dei har plukka frå Severinbrauta sitt lager. Her skal nytt og gamalt saman lage ny flott design og elevane skal vere modellar.

Tysdag denne veka var dei i gang på skulen. Klede og effektar vert plukka fram og prøvd på modellane. Frisør og stylist var på veg, medan kostymedesigner Heidi Kverndokk arbeider med modellane, står Synnøve Hollum ved strykebrettet. Ingvild Hansen og fotograf Ingeborg Refsnes diskuterer eit eller anna og så kjem journalist og fotograf frå NRK inn dørene. Det er ei herleg stemning i rommet der dei held på og når dei er ferdige med påkledning og styling, skal dei opp på Serverinbrauta og fotografere.

– Eg arbeider som freelansar og vart spurt om eg ville vere med på dette prosjektet. Det var lett å seie ja, for dette prosjektet ville eg gjerne vere med å løfte saman med dei andre, seier fotograf Ingeborg Refsnes. Kostymedesignar synest alt er heilt topp, berre ho slepp å bli med på noko bilete.

Neste helg, under Midtsommardagane i Norddal skal utstillinga dei kallar «Green Nelly» – Nelly si nøysemd i moderne utgåve – opnast. Søndagen held utstillinga fram i tillegg til andre aktivitetar og kafé på klosteret.

NRK var òg på plass og laga reportasje.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no