Nytt flott innhald i livskraftportalen

Dagleg leiar i Fjordhagen Terese Jemtegård Moen er godt nøgd med det dei har fått ut av ressursane dei har brukt på dei nye interaktive oversiktsbileta av Norddal kommune som du finn på livskrafportalen.no

Dagleg leiar i Fjordhagen Terese Jemtegård Moen er godt nøgd med det dei har fått ut av ressursane dei har brukt på dei nye interaktive oversiktsbileta av Norddal kommune som du finn på livskrafportalen.no

Livskraftportalen.no har kome med ein tilleggsfunksjon. No kan du verkeleg sjå deg rundt i kommunen i strålande vêr og alt sett ovanfrå.

Det er næringsforumet saman med Fjordhagen som eig livskraftportalen og no òg norddal360.no.

Ømdømebygging

Dette er ei flott programvare på internett som gir deg moglegheita til å flytte deg rundt og sjå på bygdene og fjellheimen frå ulike stader.

Det var på initiativ frå ei av medlemsbedriftene i næringsforumet prosjektet vart starta. Med utgangspunkt i handlingsplanen til ømdømebygging i Norddal kommune har Fjordhagen og næringsforumet sett i gang med livskraftportalen, som no har fått endå meir innhald.

– Utvikling og posisjonering, saman med synleggjering av kommunen, er det livskraftportalen skal arbeide med, seier Terese Jemtegård Moen.

Kan utviklast

Med det nye interaktive kartet kan dei utvikle tenestene etter kvart. No er det bedrifter i næringsforumet som har betalt for det du finn der i tillegg til offentlege kontor og kommunale tenester. Norddal kommune har gjennom næringsfondet løyvd nokre midlar til prosjektet.

– Livskraftportalen skal vere ein portal og bedriftene som knyter seg til, kan nytte tenester våre, men må sjølve gi utfyllande informasjon på eigne heimsider, seier dagleg leiar ved Fjordhagen i Valldal, Terese Jemtegård Moen. Det er Hjelme Web som har utvikla livskraftportalen for Fjordhagen og næringsforumet.

Mykje ut av midlane

Arbeidet med det interaktive kartet har dei brukt nokre år på. Dei har venta på at teknologien skulle utvikle seg og det er Arild Solberg frå Sykkylven som har hatt prosjektet. Arbeidet har gitt resultat og Terese Jemtegård Moen meiner dei har fått mykje ut av dei midlane dei har brukt.

Det er flott å sjå så klåre fine bilete av den flotte naturen som er rundt oss, det må seiast. Kva anna informasjon som skal leggast ut i prosjektet, veit dei ikkje heilt enno, men planane er mange og det er moglegheitene òg.

Digital turistinformasjon
Den engasjerte leiaren i Fjordhagen ynskjer å gi informasjon som er digital og som lett kan oppdaterast.

Eit eksempel er turane som er registrerte på Stikkut sine sider. Det konseptet er det Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ni medlemskommuner, som står for. Her kan folk sjølve bidra med å beskrive turmål og gi informasjon.

Dette er tankar om korleis dei kan gi digital informasjon, men akkurat no gleder Fjordhagen og næringsforumet seg over at fyrste del av prosjektet er ferdig.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no