Grandefonna i Geiranger har gått

Dette bilietet er av Grandefonna då ho gjekk torsdag for to veker sidan. No er det gått eit nytt ras omtrent på same staden. Foto: Caroline Bjerk Maurstad.

For andre gong denne veka er fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal stengt. Denne gongen er det Grandefonna som har gått, det er andre raset på berre nokre få dagar i same område.

Sunnmøringen melder at Stranda kommune har sett krisestab i samband med snøraset. Ordførar Jan Ove Tryggestad seier til Sunnmøringen at det er gjort grovsøk på staden og at ein bil er trekt ut frå raset, men at det ikkje skal vere personskade i samband med dette. Ordføraren presiserer likevel at situasjonen er uavklart og at redningshundar vil gå gjennom raset for å forsikre seg om at det ikkje er personar i raset.

Raset er om lag 100 meter breitt og 5 meter høgt, men har ikkje gått heilt ned til sjøen. 

Politiet melde i ei twitteroppdatering kl 16.57 at lokalt mannskap ikkje har observert bilar i raset, men at det er uoversiktlig og umogleg å utelukke det heilt. Vidare vert det jobba med å få søksutstyr og mannskap til området. Det har snødd og snør tett og det har medført vansker for redningshelikopteret. Politimannskap er på veg til staden med båt, avslutta politet twitteroppdateringa si med.

Twitter kl 17.36: Redningsmannskap blir frakta inn med båt. Redningshelikopter avventar på Hovden på grunn av tett snøver. Ingen er meldt sakna i området.

Så melder Fjord1 at ferja på sambandet Eidsdal-Linge er på veg til Hellesylt for å gå rasrute til Geiranger. Strandaferja vil gå i trekantsamband Stranda-Liabygda-Eidsdal med første avgang frå Stranda til Liabygda kl 17.55.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no