Nytt tilbod til heimebuande

No er  einingsleiar Lisbeth Schei Bjørdal og aktivitør Bjørg Kleppe ferdige med planlegginga av tilbodet til heimebuande med demens og dei som har behov for tilbodet kan søkje ved å vende seg til servicetorget i Norddal kommune.

Norddal kommune har fått føringar frå helse- og omsorgsdepartementet om å opprette eit dagtilbod for heimebuande med ein lettare demenssjukdom.

Gjennom eit godt samarbeid med Kraftsenteret har heimetenestene i Norddal kommune no laga til eit dagtilbod med opplevingar og meistring som føremål i tillegg til å avlaste dei pårørande.

Tilbod til seks brukarar

Tilbodet gjeld alle i Norddal kommune og dei som ønskjer det kan søkje om å få bli med. Søknadsskjema får ein ved å vende seg til servicekontoret i Norddal kommune. I fyrste omgang har dei plass til seks brukarar. Tilsette i heimesjukepleien, legane og pårørande vil vere viktige samarbeidspartnarar saman med Bjørg Sætren Kleppe på Kraftsenteret, som er utdanna aktivitør og har kunnskap om tilrettelegging av aktivitetar for ulike type menneske.

– Dette er eit lavterskeltilbod som òg skal bidra til openheit og kunnskap om sjukdommen. Det er viktig å leggje til rette for heimesituasjonen og sette i gong tiltak i rett tid, seier aktivitøren på Kraftsenter i Valldal.

Ny einingsleiar

Lisbeth Schei Bjørdal starta 1. september som einingsleiar i heimetenestene i Norddal kommune. Ho har lang erfaring frå tilsvarande jobb i nabokommunen Stranda og er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan leiing. Ho har kome godt i gang og likar utfordringane med nye oppgåver i ein ny jobb. Schei Bjørdal har som einingsleiar for heimetenstene ansvaret for heimehjelp, heimesjukepleie, omsorgsbustader og bustader for funksjonshemma.

Kraftsenteret i Valldal

– Kraftsenteret er ein ideell plass for dette og vi gler oss til å kome i gang, seier ho. Behovet i kommunen er ikkje kartlagt, men dei har eit godt samarbeid med heimesjukepleien som har god oversikt over kven som har bruk for eit slikt tilbod. Det er søkt om og tildelt midlar til prosjektet. Saman med Bjørg Sætren Kleppe har Schei Bjørdal sett saman eit tilbod der det i tillegg til det sosiale er lagt opp til aktivitetar som enkel matlaging, turar, litt trim elles og handarbeid.

– Det viktige er at dette skal vere kjekt og utan at det skal presterast noko som helst. Her skal brukarane ha ei trygg oppleving, seier Bjørg Kleppe ved Kraftsenteret i Valldal.

Torsdagar

Tilbodet vil bli på torsdagar, fem timar i løpet av dagen og då er det eigenandel på 100 kroner i tillegg til eventuelt 50 kroner til transport. Dette avtalast i kvart enkelt tilfelle.

– Behovet for eit slikt tilbod kjem når folk får ein høgare levelader enn tidlegare og gjerne vil bu heime, då må vi leggje til rette for det. God kontakt med pårørande er viktig, for det er ikkje like lett å snakke om demens for alle. Dette tilbodet skal vere med å gi dei eldre ein betre livskvalitet, seier Lisbeth Schei Bjørdal.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no