Nyttig og sosial gruppe

Gruppa som tek på seg dugnadsarbeid for idrettslaget og har trivelege pauser. Frå venstre: Anne Nygård, Steinar Stakkestad (i skuggen), Reidar Bjørstad og Alf Hoel.

Denne kvelden var det måling av speakerbuda som stod på programmet. Den nye gruppa i Valldal idrettslag har lagt ned godt over hundre dugnadstimar på nokre få månader.

Inne i garasjen på klubbhuset på Valldal stadion står Steinar Stakkestad og Anne Nygård og leitar fram måling og utstyr.  Reidar Bjørstad og Alf Hoel hentar stigar og alle er klare for dagens innsats.

Desse fire er med i den nyoppretta gruppa i Valldal idrettslag som har fått namnet ressursgruppe. Dei skal ta seg av oppgåver innan vedlikehald utan noko målsetjing om volum.

– Vi kunne ha vore fleire, gjerne damer, vi prøver å ha ein god del sosialt, slik at det ikkje skal bli berre jobbing, seier Reidar Bjørstad og legg til at resten av dei som er med i idrettslaget må gjere noko sjølve også.

– Vi kan ikkje skjemme dei vekk.

Mykje å gjere

Det manglar ikkje på noko å ta tak i. Gruppa har allereie gjennomført mykje. Mest synleg er kanskje dei nybeisa tribunene, som ikkje har smakt beis sidan dei vart bygde.

Gruppa er underlagt styret i idrettslaget og skal forhalde seg til anleggnemnda. Styret skal utarbeide ei liste over kva som skal gjerast, gjerne i prioritert rekkefølgjemen det er inga plikt for denne gruppa å få gjort alt. Frå dagboka deira kan vi lese at dei allereie har gjort mykje: Vaska kjøkkenskap, spreidd flis i skråningar, rydda røter og kratt, rive og sett opp att nytt gjerde, saga ned busker mellom klubbhus og garasje og mykje meir. Til no har dei utført om lag 110 timar i sidan dei kom i gang i mai

– Dette er ein annan måte å vere aktiv i idrettslaget på, det er mykje å ta tak i, seier Bjørstad og legg til at kvar gong han køyrer forbi irriterer han seg over mosen på taket. Han understrekar at dette ikkje er så stivt, dei prøver å møte opp og gjere noko kvar torsdag dersom dei kan.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no