Også lokale bønder aksjonerte i dag

Markering på kaia i Valldal.

Utkøyringa på fylkesvegen var effektivt blokkert og dei som kom av ferja vart ruta rundt Torebuda.

I dag, fredag, markerte bønder over heile landet si misnøye med landbrukspolitikken til regjeringa. Også lokalt samla bøndene seg for å seie kva dei synest om regjeringa generelt og staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane spesielt.

I Valldal samla bøndene seg på kaia til markering, og i Eidsdal vart utkøyringa frå ferja og ut på fylkesvegen blokkert, slik at dei som køyrde av ferja vart ruta rundt Torebuda der det vanka både bringebærsaft, ost og andre godsaker.

Mange hadde sympati for aksjonen, medan andre ikkje var fullt så positive. Alt i alt var bøndene nøgde med ettermiddagens aksjon.

Meir om markeringa i avisa som kjem onsdag 24. mai.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no