Ønskjer seg fleire medlemmer

Ein munter gjeng som gjerne vil ha med fleire. Frå venstre bak: Asgeir Storås, Ragnhild Døving, Sandy Hodea, Thor Gunnar Hovlid, Kristian Indreeide og Geir Olav Øien. Framme frå venstre: Rigmor Lund, Anne Louise Vestnes Indreeide, Gjertrud Melchior og Caroline Bjerk Maurstad.

Sjølv om namnet kan hende tyder på noko anna, er Eidsdal-Norddal Røde Kors eit lag med medlemmer frå alle bygdelag i kommunen, no håper dei på å bli endå fleire.

Eidsdal-Norddal Røde Kors er eit særs aktivt lag, fleirdelt med både hjelpekorps og omsorgsgruppe.

Hjelpekorpset har korpskveld kvar måndagskveld på «huset» i Eidsdal, og det er berre å møte opp for dei som vil sjå kva dei held på med. Og på spørsmål om kva som er det beste med å vere del av Røde Kors, kjem det kontakt frå hjelpekorpsleiar Kristian Indreeide: Det sosiale. Det sluttar dei andre som er til stades denne kvelden, seg til. I tillegg ramsar dei opp det å kunne hjelpe folk og å få halde på med aktivitetar ute som positive ting med å vere aktive medlemmer.

– Folk set pris på det vi gjer, det er godt å kunne hjelpe og vi får mykje att sjølve for å vere med – iallfall gir det meg mykje. Eg har vore med i 40 år og er enno ikkje gått lei, seier Gjertrud Melchior.

Når Røde Kors-gruppa no er på jakt etter fleire medlemmer, gjeld det alle typar medlemmer både til hjelpekorpset, til omsorgsgruppa og det dei kaller Postbuda-venner. Også dei som kanskje korkje har tid eller lyst til å vere spesielt aktive, er velkomne som støttemedlemmar.

– Og så tar vi gjerne imot yngre medlemmar, seier Kristian Indreeide, det vil seie også ungdommed i 17-18-årsalderen.

Eidsdal-Norddal Røde Kors har i dag kring 105 medlemmer med stort og smått, og om lag 30 av desse aktive – 18 av dei er i hjelpekorpset med godkjent hjelpekorpsprøve.

– Vi treng alle som vil engasjere seg. Aktivitetsnivået bestemmer folk sjølve, og det varierer alt etter kva dei har lyst til og tid til, seier Thor Gunnar Hovlid som også er hovudinstruktør på naudnettet. Dei er med på ein del øvingar med redningsetatane, noko Hovlid seier er nyttig fordi ein då lærer kvarandre å kjenne. Det kjem godt med under redningsaksjonar.

Medlemmene i hjelpekorpsgruppa er dei som er med og hentar ned folk som til dømes har gått seg fast i fjellet. Om du vil vere aktiv her, er det ein fordel om du likar å ferdast i skog og mark og er i nokolunde form. Likevel, hjelpekorpset treng også å fylle andre funksjonar når alarmen går og ein aksjon startar, så om du ikkje er noka fjellgeit, er det også greitt.

Omsorgsgruppa har eit breitt spekter av aktivitetar, og Gjertrud Melchior fortel at mellom anna oppstart av eit nytt besøkstenestekurs er rett rundt hjørnet.

Aktivitetsgruppa har hand om bruktbutikken Postbuda, også dei treng fleire gode hjelparar. I tillegg er ein ny internasjonal kulturkveld under planlegging, den vil også i år bli på Røde Kors-huset og vil i form likne litt på fjorårets «kveldsmat frå mange land».

– Dette er berre litt av det vi held på med, hos oss er det noko for alle, seier leiar Ragnhild Døving og ber folk som har lyst til å bli med om anten å ta seg ein tur på ein korpskveld, melde seg via nettet eller berre ta kontakt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no