Ønskjer seg gangveg

Vi brukar plenen når det går an, men vi vil gjerne ha ein gangveg. Det vil gjere det sikrare for alle dei som ferdast langs fylkesvegen her, ikkje berre for oss som bur på campingen, seier Nils Magne Strand lengst bak på biletet.

Dei som har vogn og nyttar Elvebakken camping til rekreasjon og aktiv fritid i Valldal, har lenge ønskt at vegen opp frå campingen kunne vore kopla saman med gangvegen ned til sentrum.

Feriegjestane har samla inn om lag 150 underskrifter som dei saman med eit brev leverte til Norddal kommune for om lag åtte veker sidan. Dette har dei enno ikkje fått noko svar på.

Brev til kommunen

Storfjordnytt treff ei lita gruppe frå campingplassen som vil vise kva saka gjeld.

– Vi meiner dette må vere eit godt tiltak som vil betre trafikktryggleiken og opplevinga av å bruke Valldal som ein stad å feriere på. Det er mange som går runden, «Bedringens vei» over Muribøbrua, gjennom Elvebakken camping og ned til sentrum. Då er det òg snakk om den trafikkfarlege strekninga i andre enden av campingplassen mot brua over elva til Jemtegård, seier Nils Magne Strand.

– Det er mykje trafikk i sommarsesongen og Nils Magne Strand har i lengre tid ønskt seg ei betre løysing. No ville han prøve å gjere noko med det og har sett i gang ein underskriftkampanje på Elvebakken camping for at Norddal kommune skal knyte saman vegen som går gjennom campingen og eksisterande gangveg ned mot sentrum av Valldal.

Vil hjelpe til

– Vi har hatt vogn i Valldal i 25 år. Dottera vår har og vogn her og eit banebarn på fire er ofte på besøk. Vi greier å gå over plenen, men den dagen du ikkje er så god til beins, eller du nyttar vogn eller sykkel, då er det greit med ein gangveg. Eg vet ikkje akkurat kor mange meter det er snakk om, men så veldig mange er det ikkje. Vi vil veldig gjerne ha ei melding attende på det brevet vi har sendt i håp om at det kan finnast ei løysing på den uhaldbare trafikksituasjonen dette skapar. Vi er òg villige til å vere med å hjelpe til. Vi har sagt at viss Norddal kommune nyttar gravemaskin og grev vekk jorda og legg ned ein duk, skal vi greie å skaffe grus og få den på plass, seier Nils Magne Strand. På vegne av dei som bur på campingplassen håper han det kan finnast ei løysing på problemet og vil helse å seie at: i Valldal er der verkeleg triveleg og det er ein fantastisk fin plass å vere.

Når bilete er teke kjem eit smilande par opp frå campingplassen. Randi Molnes og Svein Molnes bur på Muri camping og går ofte tur langs «Bedringens vei» og nyttar då vegen gjennom Elvebakken camping. Dei er samde i at det hadde vore fint å kunne gå på ein gangveg i staden for langs fylkesvegen eller på plenen, når den er tilgjengeleg.

Pengar

Trond Alstadsæter i Norddal kommune seier at ein slik gangveg kan verte ein realitet, men at det då må ei finansiering på plass. Det er vurderte alternativ tidlegare og det er søkt trafikktryggingsmidlar frå Statens vegvesen utan at ein fekk det. Då var det snakk om ei midlertidig løysing med grus og ikkje ein gangveg i full skala. Slike midlar kan søkjast kvart år.

– Eg kan vere samd i at ein gangveg der ville vore eit bra tiltak, men det er heile tida snakk om økonomi og prioriteringar, seier Trond Alstadsæter, teknisk sjef i Norddal kommune.

Eigaren av Elvebakken camping, Karl Jostein Rødset, seier i ein kort komentar at området er veldig trafikkfarleg, spesielt for dei mjuke trafikantane, og at han lenge har venta på ei løysing.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no