Open dag på brannstasjonen

Nærast ser vi Hedda som bur i Tennfjord, ho får prøve å halde brannslangen saman med Andreas Ødegaard, medan Tove frå Ålesund prøvar saman med Anders Rem.

Utanfor brannstasjonen i Valldal blinkar det i blålys, og det sprutar frå brannslangane.

Det er laurdag og open dag på brannstasjonen, og spente born og andre besøkande får sjå og prøve mange spennande ting.

Brannvernveke

Førre veke var det den nasjonale brannvernveka. Dette er ein landsomfattande informasjonskampanje som vert arrangert av Norsk Brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og If skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over heile landet. Sidan 2002 har open dag på brannstasjonar vore ein del av brannvernveka, der små og store brannvernarar har fått delta på spennande og lærerike aktivitetar.

At brennvernveka er lagt til hausten er ikkje tilfeldig, det er då vi går inn i den årstida der antal bustadsbrannar vanlegvis aukar kraftig.

Varmekamera og rebusløp

Brannsjef Lars Kjell Smoge fortel at barnehagen har hatt brannvern som tema denne veka, og brannvesenet var på besøk i barnehagen med brannbilen.

Dei største borna i barnehagen var på besøk på brannstasjonen. Under open dag får dei også mellom anna prøve å sjå i eit varmekamera i eit mørkt rom, og prøve ut brannvernkunnskapane sine i eit rebusløp, med flotte brannhjelmar som premie til alle.

Smoge fortel at det er tilsvarande open dag på brannstasjonen i  Eidsdal. Det er noko mindre besøk på open dag i år enn det har vore tidlegare år, dette trur han nok først og fremst kan tilskrivast det dårlege veret.

John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no