Vegen mellom Eidsdal og Geiranger opnar truleg i morgon

Dette bilietet er av Grandefonna då ho gjekk torsdag for to veker sidan. No er det gått eit nytt ras omtrent på same staden. Foto: Caroline Bjerk Maurstad.

Statens vegvesen har hatt synfaring med helikopter på fylkesveg 63 mellom Indreeide og Geiranger i dag for å vurdere skredfaren. Vegen har vore stengt sidan torsdag og det har gått fleire skred på strekninga. Konklusjonen etter synfaringa i dag er at skredfaren er minkande. Med ekstra tryggleikstiltak kan ryddinga av strekninga starte og vegen kan opnast i morgon ettermiddag ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen.

– Vi har starta ryddinga på Grande. Vi vil og starte å frese frå Indreeide i dag. No har vegen ligge urørt sidan torsdag og det er for mykje snø til å bruke vanleg brøytebil. Derfor må vi bruke snøfres, fortel seksjonsleiar Torgeir Bye i Statens vegvesen.

Det er om lag 1,2 mil med veg som må ryddast for snø før det er aktuelt å opne han for trafikk. Prognosane for vêr og vind er positive, men om vinden aukar kan det føre til at skredfaren aukar igjen. Det aller viktigaste no er at entreprenøren kan arbeide trygt.

– Tryggleiken til både arbeidsfolk og trafikantane er overordna alt vi gjer. Men med det vi veit no, så har vi håp om at vegen kan opne i morgon ettermiddag. Men vi må sjølvsagt følgje skredfaren tett, seier Torgeir Bye i Statens vegvesen.

Ferje Geiranger-Hellesylt

Ferja mellom Geiranger og Hellesylt fortset å gå i rasrute 1 så lenge vegen er stengt. Rutetidene finns må www.frammr.no. Trafikkinformasjon frå Statens vegvesen: www.175.no

SMS-varsling

Statens vegvesen har SMS-varsling for open/stengt veg på fv. 63 mellom Eidsdal og Geiranger. Tenesta er gratis. Dei som ønskjer å melde seg på må sende GEIRANGER START til tlf 2252.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no